Ja, han kommer, o min sjel og setter alle ting i stand

God Advent vidare! Ei strofe av ein evangelisk song kling inni meg ein stad: “Ja, han kommer, o min sjel / og setter alle ting i stand. / Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn…”

Slik skriv p. Arnfinn på sin blog. Les gjerne meir her om hans tankar rundt Johannes døyparen og 3. søndag i advent. Eg er sjølv nettopp ferdig med første messe (på engelsk) denne søndagen, der eg fokuserte ein heil del på Johannes – som jo står i sentrum i dagens evangelietekst frå Matteus 11:

Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»
Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydja vegen for deg.

1 hendelser på “Ja, han kommer, o min sjel og setter alle ting i stand”

  1. Svein Arne Myhren

    Takk for ein interessant blogg! Eg har følgt med i fleire månader no. Katolsk messefeiring er ikkje det feltet eg har størst detaljkunnskapar om, men det er lærerikt å få med det du legg fram.

    Du kan i grunnen halde fram med å skrive nynorsk, som du gjer i dette innlegget der du kommenterer Harams bloggtekst!

    SAM

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen