KVA ER DET FELLESKRISTNE?

P. Arfinn heldt eit interessant fordrag over dette temaet på årskonferansen for Blå Kors sist veke. På bloggen sin har han skreve eit konsentrat av det han sa:

Vi er i dag vitne til ei endring av haldningar og konstellasjonar i det som handlar om ’det felleskristne’. Uventa konstellasjonar: Katolske kyrkje og Misjonssambandet/ lågkyrkjeleg kristendom står saman. Jamvel Pinsevenene og karsimatiske rørsler er inne i dette. Ikkje berre når det gjeld det ’etiske!; også når det gjeld dogma/lære. Rett nok har dei tradisjonelt ’katolsk-kritiske’ endå vondt for å innrømme endringa, men det er kulturavhengig, og vil endre seg vidare.

I eit protestantisk dominert miljø som det norske, har ’det felleskristne’ lett blir konsentrert –eller redusert – til nokre enkle parolar: -Bibelen! Jesus! Nåden!

JA til alt dette – men vi lever i ei tid der fornkla slagord/honnørord ikkje er nok. Dei kunne fungere så lenge den den overleverte, vanlege kristendomen og kristendomskunnskapen låg som eit grunn-nivå i landet/kulturen, innmura i sjølve det norske byggverket – av den historiske kyrkja både før og etter Reformasjonen.

Den tida er no forbi – både i samfunnet og i kyrkjelivet. Vi treng tjukkare og djupare/lengre røter!

Tjukkare:

Sjølve læra om Den Treeinige Gud. Treeingsdogmet. Det har avgjerande tyding for trua på Gud, på skapinga, på verda, på frelsesverket, på det kristne livet.

Saman med det: Læra om Kristus. Det Kristologiske dogmet. Det har også avgjerande tyding for tru og liv. Kristus, Gud og menneske. Inkarnasjonen. …

Dette er articulus stantis et candentis ecclesiæ! Den trusartikkelen som kyrkja står- og fell med!

Lengre:

Røtene kan ikkje bli tjukkare om vi ikkje gjer dei lengre. Berre ved det kan vi auke den teologiske substansen og dermed styrken og krafta i trua og truslivet!

Og no nærmar vi oss ’den store tradisjonen’, historisk forstått. …

Les vidare på p. Arnfinns eigen blog
.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen