Fader, du sæle, høgt i himmelstova! Med barnemæle me ditt namn vil lova.

I kveld vert eg ferdig med biografien om Elias Blix, som kom ut for ikkje lenge sidan. Der fann eg bl.a. denne salma, som var blant fars favorittar:

Himmelske Fader, herleg utan like!
Til alle stader når ditt store rike.
Stjernor du styrer og alt liv som yrer,
alt ned til mauren i mold!

Ramn-ungar ropar, og du gjev dei mette.
Hungrande hopar til ditt bord vert sette:
alt gjev du føda, signar landsens grøda,
sender oss solskin og regn.

Mannsbarnet vilde du i nåde verna,
miskunn og milde tèr du oss så gjerna,
fører som fader fram i lange rader
borni du vann ved din son.

Sonen du sende som vår frelsar trugen.
Alle som vende heilt til honom hugen,
dei han òg frelsar og som brøder helsar,
leier dei fram til ditt fang.

Fader, du sæle, høgt i himmelstova!
Med barnemæle me ditt namn vil lova.
Takk, at du vilde med ein faders milde
taka oss til dine born!

Det var siste verset far likte best, mens andre verset kan eg knapt hugsa å ha sunge.

Det er Anders Aschim som har skrive boka «Ein betre vår ein gong. Elias Blix», og ho er utgitt på Det Norske Samlaget. Her er tre bokmeldingar – Dag og TidAftenpostenSunnmørsposten.

3 hendelser på “Fader, du sæle, høgt i himmelstova! Med barnemæle me ditt namn vil lova.”

  1. Kan heller ikke huske det andre verset. de andre sitter sånn nogenlunde enda. Har pugget dem på skolen., en bra ting. Står det andre verset i noen salmebok i det hele tatt? Har ike fått lest biografien ennå, men det skal bli gjort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen