Med spyttebakk på preikestolen – tidleg 1800-tal

Pater Arnfinn er fortsatt i Roma, og for å læra meir om kardinal Newman besøker han ”Keats and Shelley House” ved Spansketrappa og det romerske Newman-instituttet, i Via Aurelia, bak Vatikanet. Der har han bl.a. funne denne informasjonen om den anglikanskje kyrkja på starten av 1800-talet:

Den offisielle, anglikanske kyrkja var prega av ”apathy and irreverence”; prestane var ofte ikkje teologar, men klassisk utdanna (antikkens språk og litteratur); ein lat overklasse, lite motiverte for den åndelege og pastorale tenesta.

Og gløym det du assosierer med anglikanisme i ein seinare fase: med liturgisk, ”katolsk” høgtid, vakker song etc… I ei vanleg landsens kyrkje var det ofte ein svær tre-dekka preikestol midt i kordøra, ”altaret” var eit stusseleg bord i det fjerne; der var det gjerne blekkhus og penn til underteikning av attestar og dokument (eit lite prestekontor!) eller det tente som garderobebord for kyrkjelydens hattar, pledd, kåper, frakkar og paraplyar. I døypefonten kunne det ligge skurebørstar og golvtvoger (så det var vaskekottet!), men det var ikkje så fårleg, for –hald deg fast – ofte vart det ikkje nytta vatn ved dåpen!!

Dette viser også at den statskyrkjelege forslappinga gjekk saman med den markerte, lågkyrkjelege protestantismen som alltid har vore ein del av anglikanismen (meir calvinsk enn luthersk) …

”Altar” var eigentleg forbode, ein tala om ”communion table”, og presten stod for enden (nordenden), altså ikkje austvendt, og heller ikkje vendt mot folket; han skulle ikkje stå midt for altaret – for då kunne det vere uttrykk for ”popery” …

Les vidare her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen