P. Arnfinn i Helsinki – i ei ortodoks kyrkje

P. Arnfinn skriv interessant at han har vore i Helsinki og halde foredrag om kardinal Newman, og sist sundag var han med på den heilage (ortodkse) liturgien.

I dag gjekk fr Antoine og eg til Liturgien (messa /evkaristien) i ei finsk-ortodoks soknekyrkje like ved; Treieningskyrkja, eit sokn for russisk-talande ortodokse. Vanlegvis er det Johannes Krysostomos-liturgien som blir feira; i dag var det Basilios-liturgien, kanskje fordi det er fyrste sundagen i fastetida (som i år fell på same tid som den vestlege/katolske). Lesinga, som blir sungen/resitert, var frå Hebrearbrevet 11 og evangeliet, også resitert, var forteljinga om Natanael og Filip. “Kom og sjå!”, seier Fiilip då Natanel tvila på om Filip verkeleg hadde funne Messias. “Kom og sjå!”, Gud har gjort seg synleg i Jesus Messias; han har verkeleg teke på seg menneskeleg natur! Presten som preika, med stor iver, knytte dette til den ortodokse ikontradisjonen; Kyrkja feirar ‘Ortodoksiens siger’ til minne om at ikonoklastane (dei som i oldkyrkja ville forby ikonar) vart overvunne. Kristen, ortodoks (rett) tru er trua på at at “Ordet vart kjøt”; at Jesus er sann Gud og sant menneske. Heile frelsa avheng av det.

Les meir om dette her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen