Kaj Skagen skriv interessant om fastlækjarar

Debatten om fastlækjarar vil nok ikkje gje seg på ei stund; i dag les eg eit interessant stykkje om dette i Dag og Tid:

… Det statssekretæren eigentleg seier, er berre at fastlækjaren må gjera som staten seier. Staten har fastsett at fastlækjarane skal visa ein vidare til abort. Då må dei òg gjera det, for det er staten eller det offentlege som er arbeidsgjevaren deira. Vil dei ikkje det, må dei finna seg anna arbeid. I denne etisk og filosofisk vanskelege saka læst staten som om det berre dreiar seg om eit enkelt tenestetilhøve, der staten er herren og lækjaren knekten.

Men slike lækjarar er det berre staten som vil ha. Som pasientar vil vi ha individuelt tenkjande og personleg handlande lækjarar. Statstenestemenn i kvitfrakkar kan hjelpa oss med dei enkle tinga der det ikkje kan råda tvil om korkje symptom eller årsak eller terapi. Men når det kjem til dei vanskelege tinga, der plagene våre har individuelle årsaker og der terapien berre kan finnast gjennom den personlege innlevinga og intuisjonen til lækjaren, då vil i alle fall eg langt heller ha noko eksentriske og samvitsfulle lækjarar som (han vi har) i Vinje …

… med dette utspelet vil staten sortera vekk eit lite, men av prinsipielle grunnar viktig lækjarmiljø. Lækjarar som dreg konsekvensen av kristentrua si, skal no ut av det offentlege helsestellet eller i alle fall stuvast vekk til mindre attraktive stillingar. På sikt vil dette leia til at menneske med «upassande livssyn» alt i ungdomen vel bort medisinstudiet, fordi dei veit at dei elles kan hamna i ein umogeleg samvitskonflikt.

Når ein tenkjer på kor lite dette miljøet er – berre 170 av 5000 fastlækjarar – og kor enkelt problemet kunne verta løyst, og ser med kva for ein retthaversk aggresjon åtaket vert retta mot eit mindretal frå nærast heile det politiske spektrum, så får ein inntrykk av at denne saka er meir politisk og ideologisk farga enn mange vil gå ved. …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen