Minnevandring for p Arnfinn Andreas Haram

Litt forsinka legg eg inn dette:

Måndag 10. juni 2012 døydde vår medbror Arnfinn Andreas Haram i liane ovanfor Tyrifjorden. Han vart liggande i den graskledte vegkanten, i det solfylde forsommarveret, og nett slik var det kan hende meininga at det skulle vere. Han som elska naturen så høgt, han fann si siste kvile blant blomar og gras, blant lyng og tre, med fuglesongen som den siste utgangshymne. No kviler Arnfinn i Guds famn, og me kviler i trua på at han lever for Guds trone.

På eitårsdagen for Arnfinn sin dødsdag arrangerte Sindre Bostad og underteikna ei minnevandring frå Damtjern opp til staden der Arnfinn døydde. Dei 2,5 kilometrane opp dit vart fylde med salmesong og rosenkransbøn, og vel framme hadde me ei kort sakramentstilbeding før vesper og endeleg Dei Profundis, salme 130 som me ber for dei avdøde. Det vart ei verdig og fredfull vandring for og med Arnfinn. ….

13juni-bilde-p-arnfinn

Foto: Øyvind Østang – Les meir her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen