{"id":4525,"date":"2010-04-22T23:12:49","date_gmt":"2010-04-22T21:12:49","guid":{"rendered":"http:\/\/aomoi.net\/blog\/arkiv\/2367"},"modified":"2010-04-22T23:12:49","modified_gmt":"2010-04-22T21:12:49","slug":"lars-eskeland-forteller-om-kvifor-eg-vart-katolikk","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/2010\/04\/lars-eskeland-forteller-om-kvifor-eg-vart-katolikk\/","title":{"rendered":"Lars Eskeland forteller om \u201cKvifor eg vart katolikk\u201d"},"content":{"rendered":"<p>I boka &laquo;De s\u00f8kte de gamle stier&raquo; har jeg n\u00e5 kommet til Lars Eskelands bidrag. Mot avslutninga av sin tekst skriver han:<\/p>\n<p><i> &#8230; det fyrst og fremst var eit livskrav som f\u00f8rde meg inn i den katolske kyrkja. Det var ein trong til \u00e5 f\u00e5 all den hjelp til kristeleg livsframgang som til var. S\u00e6rleg m\u00e5 eg nemna eitt av desse indre kravi som vakna med stigande styrke alt som \u00e5ri leid, og det var trongen til skriftem\u00e5l og absolusjon. Denne trongen vart etter kvart so uvinneleg at eg kjende meg tvinga til \u00e5 s\u00f8kja herbyrge i den katolske kyrkja. &#8230;<\/p>\n<p>Der absolusjonen og skriftem\u00e5let var med Kristi fullmakt, der m\u00e5tte eg vera. Det fanst ikkje val. Eg m\u00e5tte gjera meg blind for alle hindringar og dauv for alle tilrop og g\u00e5, til den livskjelda som eg m\u00e5tte drikka av til ny livskveik og \u00e6veleg helsa. So djupt og so h\u00f8gt l\u00e5g dette livskravet under og over all tenkjing og all filosofering og alle tankesystem.<\/p>\n<p>Ei stund dr\u00f8ymde eg store draumar um at den lutherske kyrkja kunde f\u00e5 att dei fullmakter ho hadde mist d\u00e5 ho kom utanfor den livsstraumen fr\u00e5 Herren som heiter den apostoliske succesjonen &#8211; den sakramentale prestevigsla med alle fullmakter fr\u00e5 Herren.<\/p>\n<p>P\u00e5 eit stort prestem\u00f8te p\u00e5 Voss Folkeh\u00f8gskule sa eg at den lutherske kyrkja m\u00e5tte g\u00e5 i grus til slutt, dersom ho ikkje fekk skriftem\u00e5let og absolusjonen att. Biskop Hognestad svara at ho hadde b\u00e5de skriftem\u00e5l og absolusjon. Men professor Taranger var samd med meg og sa nei. Han tr\u00f8ysta seg med &#8211; liksom eg d\u00e5 &#8211; at det ho hadde mist kunde ho f\u00e5 att. Men di meir dette arbeidde inni meg, di vissare vart eg um at ho aldri kunde f\u00e5 att det ho hadde sagt fr\u00e5 seg.<\/p>\n<p><strong>So, vart eg katolikk, og kann ikkje vera noko anna.<\/strong> Det var ein stor n\u00e5de, h\u00f8gst ufortent.<\/p>\n<p>Men n\u00e5r eg nemner dette, vil eg gjerne leggja til: Eg visste og veit at ein protestant kann vera mykje betre kristen enn eg er. Likevel synest eg det er usegjeleg s\u00e5rt at kristne i ovstore mengder m\u00e5 sakna den underfulle hjelp og styrkjing som den katolske kyrkia, Kristi sanne Kyrkja, einast kann gjeva.<\/p>\n<p>Dei som kjem til \u00e5 sj\u00e5 og kjenna det so som eg, dei har berre ein veg \u00e5 g\u00e5. I sm\u00e5ting kann ein lyda andre menneske, end\u00e5 det kann bera imot eins eigen vilje. Men i dei st\u00f8rste &#8211; ting m\u00e5 ein lyda Gud. Det er einaste vegen til frigjering.<\/i><\/p>\n<hr \/>\n<p>Her er hele teksten &#8211; fra starten av: <!--more--><\/p>\n<p><i><strong>Kvifor eg vart katolikk &#8211; og kvifor eg alltid m\u00e5 vera det.<br \/>\n<\/strong><br \/>\nNoko av det som undra meg alt i barndomen, var dei ugodslege domane eg h\u00f8yrde um den katoIske kyrkja. Lenge fyrr eg kjende det minste til skilnaden millom den katolske og den lutherske kristendomen gjorde det meg vondt \u00e5 h\u00f8yra at gode menn hata og avd\u00f8mde den trui som fedrane v\u00e5re i over eit halvt tusen \u00e5r levde og d\u00f8ydde i. For eg var reint ung, berre barnet, d\u00e5 eg tok til \u00e5 tenkja p\u00e5 dei tider som var farne, og kjenna ei stolt gleda over fedralandet i den tidi dei store kongarte r\u00e5dde og Noreg var det st\u00f8rste havvelde i verdi og hadde flotar av dei venaste skip som har vore p\u00e5 sj\u00f8en. Eg s\u00e5g utover ei eldgamal skipsleid kvar dag.<\/p>\n<p>N\u00e5r Olavane kristna landet, kom dei d\u00e5 med ein kristendom som var rangsnudd for di Kristus var burtkomen og fagnadbodet hans gl\u00f8ymt? Var det sant at urimelege menneskep\u00e5fynster og trolldomskunstar skamfor sanningi, som ugraset kj\u00f8ver komet?<\/p>\n<p>Eg gl\u00f8ymer aldri ein dag i eit av dei fyrste-sskule\u00e5ri mine. L\u00e6raren la ut um kor lukkelege vi var som hadde f\u00e5tt den lutherske l\u00e6ra og korne oss ut or den katolske kyrkja. Det var \u00e5 koma fr\u00e5 myrker til ljos. Og d\u00e5 han hadde lagt ut soleis ei stund, spurde han: &laquo;Tror de at en katolikk kan blive salig?&raquo; Det var lett \u00e5 h\u00f8yra kva svaret skulde vera, og rundt storebordet svara dei nei i kor. Eg greidde ikkje dtt. Eg visste lite kva eg gjorde, men det tok til \u00e5 str\u00f8yma inni meg, og so svara eg: &laquo;Ja, eg trur det.&raquo; L\u00e6raren stussa og s\u00e5g p\u00e5 meg ei heil stund. So sa han: &laquo;Ja det er vel ikke umuligt. Men det m\u00e5 v\u00e6re meget vanskelig.&raquo;<\/p>\n<p>Det er surne harndomsminne som aldri kverv or hugen. Og soleis er det med denne hendingi. Eg var ikring 10 \u00e5r d\u00e5. Alltid n\u00e5r dette sveiv for meg  sidan, gjekk det ei s\u00e6lking gjenom hugen. Eg var glad for eg svara som eg gjorde. Men korleis det hadde seg at eg braut igjenom eit samm\u00e6lt nei fr\u00e5 heile flokken til eit ja, det veit eg ikkje. Eg veit berre det var eit svar fr\u00e5 hjarta. Og etter di eg mintest det ofte og alltid sa dette ja uppatt, so trur eg det hjelpte meg til \u00e5 halda alt hat og all uvilje imot den katolske kyrkja langt burte fr\u00e5 meg.<\/p>\n<p>Denne uviljen m\u00f8tte meg i all den skuleuppl\u00e6ringi eg fekk sidan \u00f2g, b\u00e5de i barndom og ungdom, men aldri fr\u00e5 folket i heimegrendene eller i andre bygder. Det var som b\u00f8ndene ikkje kunde verta fengde av denne illhugen og uviljen sameleis som storfj\u00f8lden av embetsmenn og skulefolk. Og sameleis syntest eg det var d\u00e5 riksstyre og storting dreiv meg ifr\u00e5 arbeidet mitt for di eg hadde vorte katolikk. Fr\u00e5 alle kantar av landet var det som logar av harme slo imot meg. Men det var \u00e5 kalla ur\u00e5d \u00e5 sj\u00e5 at b\u00f8ndene var med i denne harmen. Tvert imot. Eg fekk dei sterkaste vitnem\u00e5l um at dei ikkje det var. Det var reint utruleg kor stor ein godhug eg kjende tvert igjenom all mothugen og vondskapen. Eg undra meg storleg over dette og har ofte tenkt p\u00e5 det sidan. Og eg trur no at eg skynar noko av det. Reformasjonen hadde ikkje det aller ringaste tak i folket v\u00e5rt d\u00e5 den katolske kyrkja vart gjord heimlaus i landet og sunderbroti i det ytre. Den katolske kristendomen hadde fest seg so sterkt i hjarta og skapt hugen so um, at folket vart verande katolsk i heile sin tankegang hundrad\u00e5r etter hundrad\u00e5r, ja like til no i denne mannsalderen. Soleis var det i den landsluten der eg er best kjend i minsto, og tvillaust i st\u00f8rste parten av landet elles. Folk fekk seg aldri til \u00e5 tru at gode gjerningar var verdlause, dei fekk seg aldri til \u00e5 tru at viljen v\u00e5r var heilt ut bunden i det vonde, dei fekk seg aldri til \u00e5 meina at trui var det einaste Gud kravde av oss (&laquo;troen alene&raquo;). Og um b\u00e5de d\u00e5p og nattverd trudde og tenkte dei heilt ut katolsk. Dei trudde fullt og fast at det var Jesu likam og blod dei fekk i nattverden, so vanskeleg dette ofte var, n\u00e5r ikkje ein gong all vinen vart signa, men t. d. mykje av han vart boren inn fr\u00e5 sakristiet midt under h\u00f8gtidi og vart utskift utan vigsling. Det hende d\u00e5 likevel at sume stussa over slikt og tala um det.<\/p>\n<p>Likeins hadde dei mange katolske kyrkjeskikker p\u00e5 bygdene. Men no i denne mannsalderen er desse kyrkjeskikkene burtfalne, og trui p\u00e5 nattverden har brigda seg um fr\u00e5 katolsk til calvinsk. Som ventande er kjem det d\u00e5 meir og meir av bruk \u00e5 &laquo;g\u00e5 til alters&raquo;, som dei sa i min barndom.<\/p>\n<p>Det er soleis i den siste mannsalderen at b\u00f8ndene har vorte protestantiske i tru og tanke der eg er best kjend i landet. Men no m\u00e5 ein nok segja at reformasjonen i hovudsaki er fullf\u00f8rd.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 vert det rimeleg at det hatet som Luther og dei verdslege styremaktene vekte, mot den katolske kyrkja aldri har fengt og fest seg i bygdene v\u00e5re. Skal ein forst\u00e5 noko so merkeleg, so m\u00e5 ein leva seg igjenom soga v\u00e5r fr\u00e5 folket vart kristna til no.<\/p>\n<p>Det er skulen som har skapt fordomane mot katolisismen, og held deim ved lag, fyrst og fremst presteskulane.<\/p>\n<p>Og fritenkiarskapen og den religi\u00f8se likes\u00e6la som har breidt seg so i siste mannsalderen har auka mothugen imot den kyrkja som ikkje i minste m\u00e5te g\u00e5r p\u00e5 akkord og gjev etter for skiftande tidarkrav til religionen. Ein religion som mennesket formar ut av seg sj\u00f8lv, har ikkje noko med kristendom \u00e5 gjera, og Kristi kyrkja m\u00e5 visa alle slike akkordfreistnader fr\u00e5 seg. Her gjeld det fullt ut at &laquo;akkordens \u00e5nd er Satan&raquo;, som Ibsen segjer i Brand.<\/p>\n<p>Difor kjem det til \u00e5 synast som den katolske kyrkja er hard og utolsam, intolerant. Det er p\u00e5 ei vis sant. Det finst ikkje i verdi noko so fast og ub\u00f8ygjeleg som den katolske kyrkja. Ho rettar seg ikkje etter tidene og straumdragi i \u00e5ndslivet. Ho er lik eit fjell som rekk upp i ljoset igjenom alle skylag og ver drag. So m\u00e5 det vera, so sant ho er det ho gjev seg ut for, Kristi talsmann i verdi og hans mystiske likam, so hans eige blod og hans eige liv str\u00f8ymer igjenom henne.<\/p>\n<p>Eg kom til \u00e5 sj\u00e5 at soleis m\u00e5tte Kyrkja vera, so sant ho ikkje vilde svika sin herre og gjera seg sj\u00f8lv til inkjes. \u00c5 halda fast p\u00e5 kristendomen og \u00e5 verta katolikk vart d\u00e5 for meg eitt og det same. Var Kristus Gud og eitt med Faderen, so m\u00e5tte han vera det fr\u00e5 \u00e6va til \u00e6va, og kyrkja hans m\u00e5tte forkynna han sj\u00f8lv heilt og fullt og gjera det han vilde ho skulde gjera.<\/p>\n<p>D\u00e5 dette daga seg for meg. tok eg til \u00e5 lesa kyrkjefedrane og nyare teologiske verk. Hj\u00e5 kyrkjefedrane farin eg ei lysande stadfesting p\u00e5 det som eg syntest sj\u00e5. Heile den lutherske teologien datt ifr\u00e5 einannan og l\u00f8yste seg upp for meg, aller mest det som Luther sj\u00f8lv hadde skrive. Han braut sunder den veldige bygning han sj\u00f8lv var uppvaksen i, og vann ikkje byggja upp noko som kunde st\u00e5 i alle tider, for di han bygde so mykje etter eige tykke, utanfor den kyrkja som stod ifr\u00e5 fyrst av, i Guds kraft. Kor store lyte hennar eigne born hadde og synte fram h\u00f8gt uppe og l\u00e5gt nede, stod ho, so det nett i d\u00e5rlege tider var meir tydeleg enn elles at det var Guds kraft som heldt henne uppe i evig uppattnying, i evig ungdom. Helheimsportane kunde ikkje vinna over henne.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg so tok til \u00e5 lesa den store dogmatikken av Krogh-Tonning, so m\u00f8tte eg den store kl\u00e5ren som stadfeste meg i det eg hadde levt meg fram til. For det var ikkje so mykje tanken som i over 20 \u00e5r hadde f\u00f8rt meg stig for stig fram til den katolske kyrkia som det var sj\u00f8lve livskravet i meg. Eg var framdriven av indre makter p\u00e5 ein m\u00e5te som eg ikkje heilt ut kunde skyna.<\/p>\n<p>Men di meir eg granska, di kl\u00e5rare s\u00e5g eg at einast den katolske kyrkja hadde alt det som eg syntest Kristi kyrkja m\u00e5tte ha etter dei livskrav som verkte og brann inni meg, sterkare og sterkare for kvar tid som leid.<\/p>\n<p>Eg s\u00e5g at ho m\u00e5tte vera katolsk og vita at ho er det, etter di ho heiter soleis fr\u00e5 dei fyrste tidene. Eit menneskenamn p\u00e5 Kyrkja er d\u00e5 eit d\u00f8dsmerke. Eg skyna at ho m\u00e5tte ha ein absolutt autoritet og vita at ho har det, etter di ho er skipa av Kristus og er eitt med han; eg skyna at ho m\u00e5tte ha uvikelege fullmakter fr\u00e5 Herren sj\u00f8lv, eins for alle tider og folk og tungem\u00e5l; eg skyna at ho m\u00e5tte ha eit levande centrum og ein formann her p\u00e5 jordi, og at Herren hadde valt apostelen Peter til \u00e5 vera det, so som alle m\u00e5 sj\u00e5 det av Matt. 16, 18, 19 og Johs. 21, 15-17. Eg skyna at det var viktigt \u00e5 ha eit einingscentrum og ein formann i fyrstningi, men tusen gonger viktigare sidan, alt etter som Kyrkja voks og t\u00f8ygde seg ut over jordi. Og etter di Herren lova at han vilde vera med l\u00e6resveinane sine alle dagar radt til heimsens ende, so m\u00e5tte han og vera med Peter, han som skulde vakta og f\u00f8da sauene og lambi.<\/p>\n<p>Og det er ikkje ei einaste av dei protestantiske kyrkjone som eig noko av dette eg no har nemnt eller trur at dei eig det. Det er ikkje ei einaste av deim som trur um seg sj\u00f8lv at ho har nokor avgjerslemakt med guddomleg autoritet. Men korleis kann ho d\u00e5 tru at ho er Jesu Kristi sanne kyrkja, som han har gjort til eitt med seg sj\u00f8lv til sin eigen likam?<\/p>\n<p>Kristi kyrkja er berar av sanningi og kann aldri falla for lygni, aldri verta overvunni av helheimsmaktene. Matt. 16,18; Tim. 1, 3, 16.<\/p>\n<p>Men ho er skr\u00f8peleg p\u00e5 mange m\u00e5tar elles, for di ho har ei menneskeleg sida, etter di det er menneske Gud byggjer henne upp av. Kristi sanne kyrkja er soIeis b\u00e5de guddomleg og menneskeleg. Difor kan veikskapen vera so stor og s\u00e5ri so mange. Men difor er majesteten so veldig og herlegdomen so endelaus. Ho rekk fr\u00e5 jordi inn i himmelen.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg syntest eg laut g\u00e5 ut or statskyrkja og verta katolikk, var det surne som spurde, serleg dei av venene mine som var lutherske prestar: Kvifor kann du ikkje verta st\u00e5ande i statskyrkja um du trur og tenkjer som ein katolikk? Statskyrkja krev ikkje eins tru av alle. Dette var vel meint, og p\u00e5 ei vis rett nok. Dersom det berre hadde vore spursm\u00e5l um tru og tanke, so hadde eg kunna vorte st\u00e5ande i statskyrkja og sloppe alt det s\u00e5re og tunge som eg m\u00e5tte ottast vilde koma med eit kyrkjeskifte. &laquo;Ver katolikk so mykje du vil, men g\u00e5 berre*ikkje ut or den lutherske kyrkja,&raquo; sa ein prest til meg. Eg kann tenkja at mange synest det same den dag i dag.<\/p>\n<p>Men eg har alt nemnt at det fyrst og fremst var eit livskrav som f\u00f8rde meg inn i den katolske kyrkja. Det var ein trong til \u00e5 f\u00e5 all den hjelp til kristeleg livsframgang som til var.<\/p>\n<p>S\u00e6rleg m\u00e5 eg nemna eitt av desse indre kravi som vakna med stigande styrke alt som \u00e5ri leid, og det var trongen til skriftem\u00e5l og absolusjon.<\/p>\n<p>Denne trongen vart etter kvart so uvinneleg at eg kjende meg tvinga til \u00e5 s\u00f8kja herbyrge i den katolske kyrkja. I fullaste meining kjende eg det som sagt er:<\/p>\n<p>&laquo;Jeg m\u00e5, jeg m\u00e5, s\u00e5 byder mig en stemme i sjelens dyb. Og jeg m\u00e5 f\u00f8lge den!&raquo;<\/p>\n<p>Der absolusjonen og skriftem\u00e5let var med Kristi fullmakt, der m\u00e5tte eg vera. Det fanst ikkje val. Eg m\u00e5tte gjera meg blind for alle hindringar og dauv for alle tilrop og g\u00e5, til den livskjelda som eg m\u00e5tte drikka av til ny livskveik og \u00e6veleg helsa.<\/p>\n<p>So djupt og so h\u00f8gt l\u00e5g dette livskravet under og over all tenkjing og all filosofering og alle tankesystem.<\/p>\n<p>Ei stund dr\u00f8ymde eg store draumar um at den lutherske kyrkja kunde f\u00e5 att dei fullmakter ho hadde mist d\u00e5 ho kom utanfor den livsstraumen fr\u00e5 Herren som heiter den apostoliske succesjonen &#8211; den sakramentale prestevigsla med alle fullmakter fr\u00e5 Herren.<\/p>\n<p>P\u00e5 eit stort prestem\u00f8te p\u00e5 Voss Folkeh\u00f8gskule sa eg at den lutherske kyrkja m\u00e5tte g\u00e5 i grus til slutt, dersom ho ikkje fekk skriftem\u00e5let og absolusjonen att. Biskop Hognestad svara at ho hadde b\u00e5de skriftem\u00e5l og absolusjon. Men professor Taranger var samd med meg og sa nei. Han tr\u00f8ysta seg med &#8211; liksom eg d\u00e5 &#8211; at det ho hadde mist kunde ho f\u00e5 att. Men di meir dette arbeidde inni meg, di vissare vart eg um at ho aIdri kunde f\u00e5 att det ho hadde sagt fr\u00e5 seg.<\/p>\n<p>So, vart eg katolikk, og kann ikkje vera noko anna. Det var ein stor n\u00e5de, h\u00f8gst ufortent.<\/p>\n<p>Men n\u00e5r eg nemner dette, vil eg gjerne leggja til: Eg visste og veit at ein protestant kann vera mykje betre kristen enn eg er. Likevel synest eg det er usegjeleg s\u00e5rt at kristne i ovstore mengder m\u00e5 sakna den underfulle hjelp og styrkjing som den katolske kyrkia, Kristi sanne Kyrkja, einast kann gjeva.<\/p>\n<p>Dei som kjem til \u00e5 sj\u00e5 og kjenna det so som eg, dei har berre ein veg \u00e5 g\u00e5. I sm\u00e5ting kann ein lyda andre menneske, end\u00e5 det kann bera imot eins eigen vilje. Men i dei st\u00f8rste &#8211; ting m\u00e5 ein lyda Gud. Det er einaste vegen til frigjering.<\/p>\n<p>Lars Eskeland<\/i><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I boka &laquo;De s\u00f8kte de gamle stier&raquo; har jeg n\u00e5 kommet til Lars Eskelands bidrag. Mot avslutninga av sin tekst skriver han: &#8230; det fyrst og fremst var eit livskrav som f\u00f8rde meg inn i den katolske kyrkja. Det var ein trong til \u00e5 f\u00e5 all den hjelp til kristeleg livsframgang som til var. S\u00e6rleg [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"site-sidebar-layout":"default","site-content-layout":"","ast-site-content-layout":"default","site-content-style":"default","site-sidebar-style":"default","ast-global-header-display":"","ast-banner-title-visibility":"","ast-main-header-display":"","ast-hfb-above-header-display":"","ast-hfb-below-header-display":"","ast-hfb-mobile-header-display":"","site-post-title":"","ast-breadcrumbs-content":"","ast-featured-img":"","footer-sml-layout":"","ast-disable-related-posts":"","theme-transparent-header-meta":"","adv-header-id-meta":"","stick-header-meta":"","header-above-stick-meta":"","header-main-stick-meta":"","header-below-stick-meta":"","astra-migrate-meta-layouts":"default","ast-page-background-enabled":"default","ast-page-background-meta":{"desktop":{"background-color":"var(--ast-global-color-5)","background-image":"","background-repeat":"repeat","background-position":"center center","background-size":"auto","background-attachment":"scroll","background-type":"","background-media":"","overlay-type":"","overlay-color":"","overlay-opacity":"","overlay-gradient":""},"tablet":{"background-color":"","background-image":"","background-repeat":"repeat","background-position":"center center","background-size":"auto","background-attachment":"scroll","background-type":"","background-media":"","overlay-type":"","overlay-color":"","overlay-opacity":"","overlay-gradient":""},"mobile":{"background-color":"","background-image":"","background-repeat":"repeat","background-position":"center center","background-size":"auto","background-attachment":"scroll","background-type":"","background-media":"","overlay-type":"","overlay-color":"","overlay-opacity":"","overlay-gradient":""}},"ast-content-background-meta":{"desktop":{"background-color":"var(--ast-global-color-4)","background-image":"","background-repeat":"repeat","background-position":"center center","background-size":"auto","background-attachment":"scroll","background-type":"","background-media":"","overlay-type":"","overlay-color":"","overlay-opacity":"","overlay-gradient":""},"tablet":{"background-color":"var(--ast-global-color-4)","background-image":"","background-repeat":"repeat","background-position":"center center","background-size":"auto","background-attachment":"scroll","background-type":"","background-media":"","overlay-type":"","overlay-color":"","overlay-opacity":"","overlay-gradient":""},"mobile":{"background-color":"var(--ast-global-color-4)","background-image":"","background-repeat":"repeat","background-position":"center center","background-size":"auto","background-attachment":"scroll","background-type":"","background-media":"","overlay-type":"","overlay-color":"","overlay-opacity":"","overlay-gradient":""}},"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-4525","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-katolsk"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4525","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4525"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4525\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4525"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4525"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/aomoi.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4525"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}