Oddvar Moi

Gift prest med løyve frå Paven
Artikkel i Bergens Tidende, 9/1 2000


Laurdag fekk Noreg sin første gifte, katolske prest og si første katolske prestefrue sidan middelalderen.

ASBJØRN KRISTOFFERSEN - GIDSKE STARK (foto)

Oddvar Moi (43) var luthersk prest før han konverterte til katolisismen. Det var ordinandfrue Arlyne Moi som tok mot messegjestane før den historiske prestevigsla i St. Paul kirke laurdag middag. Den amerikanskfødde kunsthandverkaren vil ikkje uttala seg om si nye rolle etter ordinasjonen

- Dette får vi finna ut av etter kvart. Vi har jo inga erfaring, ler sokneprest Michel Beckers.

Biskop Gerhard Schwenzer føretok vigslinga av den nye presten i St. Paul, med stor deltaking av andre prestar, særleg frå Vestlandet. Vigslinga skjer ved handspålegging, som ifølgje katolsk lære har gått i ei ubroten rekkje av biskopeleg handspålegging sidan Jesu apostlar. Før vigslinga blir ordinanden presentert for bispen. Han gjev presteløfta, han blir bedt for og han ligg på golvet med ansiktet ned under allehelgenslitaniet. Denne posisjonen er eit teikn på at han treng Guds hjelp.

Forsamlinga i den nesten fullsette kyrkja klappar når vigslinga har skjedd. Og prestane framme i koret klappar med.

Det måtte paveleg dispensasjon til for at Oddvar Moi kunne bli katolsk prest. I 1950-åra vart det innført ei ordning der Vatikanet kunne gjera unntak frå kravet om at dei menn som skulle bli prestar måtte leva i sølibat. Den katolske kyrkja i Danmark fekk sin første gifte prest i 1960. I Storbritannia er over hundre gifte katolske prestar som tidlegare var ordinerte i den anglikanske kyrkja.

Likevel har det vore ei lang ventetid for Oddvar Moi.
- Tolmodet ditt er sett på prøve, men det har mogna avgjerda di, sa sokneprest Michel Beckers då han innleidde messa i går.
Oddvar Moi konverterte for fem år sidan og søkte samtidig om å bli prest. I mellomtida har han vore diakon i St. Paul kyrkjelyd og har undervist på St. Paul skole.

Undervisninga vil han halda fram med også etter ordinasjonen.
- Den største skilnaden i det ytre blir at eg kan halda messe og utføra ein del andre prestetenester som eg tidlegare ikkje kunne gjera, seier han.

- Kva rolle eg elles skal få, må du spørja medlemene i kyrkjelyden om.
Ei ny og uprøvd rolle blir det for alle, ikkje minst for presten og for prestekona i Fosswinckelsgate.

Den katolske kyrkja innførde sølibatet for om lag 1000 år sidan, prestane skulle via heile livet til kyrkja. I Noreg og på Island var det stor motstand mot denne ordninga. Det blir hevda at sølibatkravet aldri vart gjort gjeldande i desse norderlanda før lutherdomen overtok med forbod mot katolsk lære på 1500-talet. Noko nytt unntak for Noreg, eller for sølibatet i andre land, er vigslinga av Oddvar Moi likevel ikkje.

Han er oppvaksen i eit lågkyrkjeleg bedehusmiljø på Jæren og har gjort teneste som feltprest i den norske kyrkja, utan å vera ordinert. Seinare gjekk han over til Den evangelisk-Luthersk frikirke, som læremessig ligg nær Den norske Kyrkja, (arbeidde nokre ekstra år i forsvaret) og vart deretter pastor i frikyrkja i Arendal.

Jærbuen med den underfundige humoren er den tredje lutherske presten som konverterer for å gjera teneste i den katolske kyrkja, så langt Michel Beckers veit. To av desse er prestevigde. Arnfinn Haram, tidlegare prest i Den norske kyrkja i Loddefjord, er munk i eit kloster i Frankrike, men tek sikte på å bli prestevigd, han òg.

Den katolske kyrkja i Noreg jaktar ikkje etter konvertittar. Den store veksten i denne kyrkja er det først og fremst innvandrarar og deira etterkomarar som sørgjer for. Likevel er det årleg om lag 150 nye konvertittar, ti-femten av dei kjem frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Av dei om lag 40.000 katolikkane her til lands, bur ein tidandedel i desse to fylka, fleire enn tre tusen i Bergen.