Oddvar Moi

Presten som konverterte
Intervju i Jærbladet, Bryne, 27/1-99

 

Tekst på første side:

Katolsk prest og lærar
Oddvar Moi er timebuen som etter luthersk presteutdanning og -tjeneste valte å konvertere til katolisismen. Han har sidan tatt katolsk presteutdanning og jobbar i dag som lærar på den katolske skulen St. paul i Bergen. - Det er ingenting grunnleggande i trua som skil meg frå den presten eg var i den luterske kyrkja og den presten eg ønskjer å bli i den katolske, seier Moi.

 

Oddvar Moi har både luthersk og katolsk presteutdanning, og meiner at havet av usemje mellom dei to kyrkjene kunne vore på storleik med ein bekk. Han har likevel valt side.

Jærbladet: Hilde Garlid

Same dag som eg sit på Baker Brun i Bergen i lag med Oddvar Moi frå Time og et bergenske skillingsbollar, stiller avisa Vårt Land spørsmål til norske kristenleiarar om kven av dei som offisielt kunne be i lag med ein katolikk. To av sju svarar at det er uproblematisk. Dei andre avviser bønefellesskap totalt eller gir vridde uttalingar om kvifor dei ville takke nei. Rundspørjinga er gjort same dag som kristen-Norge innleiar bøneveka der kristen samhald er kjernen. Ein 30-år lang tradisjon som truleg avslører avstand i staden for å innby til einskap.

- Vi har ikkje kome langt?

- Nei, og eg rur ikkje det er realistisk at lutheranarar og katolikkar kjem nærare kvarandre dei neste 30 åra heller.' Ikkje utan at dei syner oppriktig interesse for kvarandre, seier Oddvar Moi, timebuen og frikyrkjepresten som konverterte til katolisismen. Han har sidan tatt katolsk presteutdanning, og jobbar i dag som lærar på den katolske skulen St. Paul i Bergen.

Ugyldig brot med Paven
Moi meiner likevel at 90 prosent av det som t dag blir sett på som vesentlege skilnader mellom dei to kyrkjene kunne vore fjerna om det var vilje og interesse for det. Etter hans meining er det kunnskapsløyse som skaper det uoverkommelege havet av usemje. Oppriktig interesse for kva som ein gong skapte brotet mellom Paven og Luther i 1521 kunne minimalisert problemstillingane og kanskje gjort dei to største kyrkjesamfunna i verda foreinelege?

Brotet mellom Paven og Luther interesserte i alle fall prestestudenten frå, Time på Menighetsfakultetet (MF) i Oslo i 80-åra. Først med brillene til ein som hadde tenkt å bli prest i Den norske Kyrkje, seinare, under eit studieopphald i USA, med granskande auge frå ein som begynte å tvile på om brotet Luther gjorde den gong kunne vere gyldig.

- Paven var uheldeg då han sende medhjelparar for å diskutere med Luther. Dei egla seg innpå kvarandre ganske raskt, Luther var ein hissig type, og kom med uhøyrde utsagn om Paven. Kanskje det hadde gått annleis om Paven hadde skikka ein annan lærd til Wittenberg? Luther meinte ikkje å bryte med katolisismen, men han hadde sterke innvendingar om korleis den blei praktisert på 1500-talet.

- Er det dette som gjer at du konverterte?

- Ja, det er ingenting grunnleggjande i trua som skil meg frå den presten eg var i den lutherske kyrkja og den presten eg ønskjer å bli i den katolske. Eg trur berre ikkje at Luther sitt brot var gyldig, seier jærbuen.

Ukjend på Jæren
Katolikkar var det ikkje mange ,av på Jæren i 60- og 70-åra Oddvar Moi vaks opp med samlingar på Fotland bedehus, og var med då ungkyrkja på Bryne kom i stand i 1974. Derifrå gjekk vegen til prestestudier i Oslo i 1975

- Korleis blei du mottatt som katolikk?

- Eg opplevde ei blanda mottaking. Det er ikkje slik at alle i Den katolske kyrkja jublar over nye konvertittar. I England, der eg har mi katolske presteutdanning frå, var det fleire anglikanske prestar som gjekk over til katolisismen fordi dei var ueinig i kyrkja sitt syn på kvinnelege prestar, abort eller homofili. Dei blei likevel ikkje umiddelbart tatt inn i varmen, men måtte først visa kva dei stod for.

Katolikkane dreiv misjonsverksemd i Norge fram til 1950-åra og ville gjera Norge katolsk igjen. Etterpå har kyrkja hatt ein mykje lågare profil

For mi eigen del var mottakinga i heimemiljøet blanda. Pater Pollestad har nok opna nokre dører på Jæren i så måte, seier Moi. Ein skulle tru at atmosfæren på Salte - Bekkeheien har noko eige katolsk over seg. Pater Pollestad vaks her, og Oddvar Moi har tett med farbrødre på same stad

- Katolikkar i Norge kjenner seg både overlegne og underlegne på same tid. Dei fleste med utanlandsk bakgrunn veit at dei tilhøyrer eit stort kyrkjesamfunn større enn det norske. Samstundes er det katolske miljøet i Norge lite.

- Katolikkar har lite kunnskap om lutheranar, også prestane, og mange fordommar om deira liv og lære Slik er det også andre vegen, seier Moi. Hans bakgrunn gjer at han kjenner synspunkta frå båe sider. Han er også opptatt av å syne kor lite det er som skil meir enn å påpeike det som er ulikt og uforeinleg.

Moi har budd i Bergen i fire år og tilhøyrer St. Paul kyrkje. Den har 4000 medlemmar, av dei er berre 1000 fødd i Norge, men mange av dei igjen har utanlandske foreldre. Kyrkjelyden har gudsteneste på fire språk kvar veke, og omlag 6-700 personar går fast i kyrkja.

Fargerik skule
St. Paul skule er ein katolske privatskule frå 1873. På barneskulen er omlag 75 prosent katolikkar, i ungdomsskulen er talet 40 prosent. Skulen har også ei særs internasjonal elevgruppe. 40 prosent av elevane er framandspråklege, og skulen famnar om mange nasjonalitetar. Likevel har mange av elevar på klassebileta svært ordinære vestlandske etternamn.

- Det er få som er heilt norske. Dei har ofte ei mor eller far med utanlandsk bakgrunn, eller dei er av familiar som har vore bergenske katolikkar i generasjonar, seier Moi.

Skulbygget er berre 10 år gamalt og skil seg arkitektonisk svært frå den gamle kyrkja frå 1876 og prestekontoret som ein gong var eit katolsk sjukehus. Midt i det travle Bergen har dei laga seg sin eigen stille stad mellom dei høgreiste husa. Her leikar ungane i friminutta, og her hastar Oddvar Moi over plassen mot kyrkja med paraplyen høgt heva som skydd mot det Bergens regnet som drypp både på klokkar og prest.

- Korleis er skulen sitt forhold til kyrkja?

- Elevane har fem obligatoriske samlingar i kyrkja i samband med høgtidene. Vi har også vekentlege samlingar i kyrkja. Skulen blir og brukt til kyrkjelydsarbeid. Her foregår også konfirmantundervisning, og det vi kallar for katekese - ein slags sundagsskule for barn. Når barna er åtte-ni år gamle, går dei til nattverd for første gong. Det er ei større hending i den katolske kyrkja enn i den lutherske.

Liturgi og sakrament
I det kyrkjedøra glir igjen bak oss, høyrer ein ikkje lenger den buldrande trafikken frå Nygårdsgata utanfor hovuddøra. Ein skulle tru dei hadde tankar for støyisolering allereie i 1876. Det svale kyrkjerommet liknar andre kyrkjerom, men når Oddvar Moi bøyer kne framfor Tabernaklet og korsar seg, legg ein samstundes merke til fleire symbol som tilhøyrer den katolske sfære.

Tabernaklet er kyrkja sitt sentrum. "Skapet" inneheld det som blir til overs av det innvigde nattverdsbrødet. Nattverda er eit særs heilag sakrament for katolikkane, og dei har aldri anerkjent den lutherske nattverd.

Framfor ein Mariastatue er stad for å tenne lys og be. Glasmaleria syner Jesus, Gud og den heilage Ande, men der er også glasmaleri som syner den heilage Sunniva og heilage menn. På eine sida står skriftestolen.

- I studietida blei eg meir og meir opptatt av liturgi. Det er også ein trend i den lutherske kyrkja at dei søkjer attende i tradisjonane og hentar fram eldre liturgiske element, som lysbrenning, tidebøner eller vesper, og skriftemål.

- Skriftemål er kanskje noko av det mest klassiske katolske for oss utanforståande?

- Ja, i alle fall på film, men den lutherske kyrkja har også liturgi for å gi syndeforlating. I den katolske kyrkja skjer det enten ved eit skriftemål i skriftestolen eller ved ei samtale på prestekontoret. Det er ikkje så ulikt, seier Oddvar Moi.

- Kva med deg sjølv, er du å sjå i Den norske Kyrkja?

- Eg har vore i Mariakyrkja ved vespersamlingar, men eg har funne min plass i den katolske kyrkjelyden. Skilnad er det, men ikkje så djup og farleg som mange kristne frå dei to kyrkjene vil ha det til, seier Oddvar Moi.