Kirke eller folkekirke?

Kyrkja er noko meir og noko anna enn eit tilbod om lausrivne kyrkjelege handlingar.” Dette skriv dominikanerpater Arnfinn Haram i en interessant kronikk i dagens Vårt Land. Her følger litt av hans artikkel:

Det har vore interessant og tankevekkjande å fylgje med i debatten om statskyrkjeordninga. Det et ein debatt som sjølvsagt vedgår andre enn statskyrkja sine medlemer – fordi det har å gjere med religionen sin offentlege plass og med trussamfunna si rolle i samfunnet.

Debatt og meiningsbryting kring desse spørsmåla er bra, samstundes som det synleggjer mangelen på ei meir djuptgåande tenking om kva kyrkja eigentleg er; det eg vil kalle det ”ekklesiologiske vakuumet” i statskyrkjedebatten. Det er uheldig at desse spørsmåla vert pressa av den reint politiske og kyrkjepolitiske problematikken, noko som sjølvsagt er forståeleg når det gjeld eit kyrkjesamfunn med sterke band til det etablerte samfunnet.

Eg skulle ynskje at både teologar av profesjon og ”truande og tenkjande” lekfolk innan Den norske Kyrkja ville våge å bryte ut av denne trollkrinsen og vende attende til det som er teologien sine kjelder også når det gjeld læra om kyrkja. Våg å bruke den bibelske terminologien: Kyrkja er Guds folk, Guds tempel, Guds husfolk, Kristi brud, Kristi lekam. Ho er såleis intimt knytt til sjølve frelsesmysteriet. Ved Anden, ved den levande forkynninga av Ordet, ved karismaene (nådegåvene) og dei ulike embeta, ved feiringa av sakramenta og liturgien og ved den konkrete sosiale (diakonale) fellesskapen lever den oppstandne Kristus midt i verda og kallar alle til å ta i mot sitt frelsesverk.

Difor kan kyrkja ikkje reduserast til ein offentleg institusjon for religiøs ”stadfesting” av folks liv. Kyrkja skal omskape og nyskape både einskildmenneske og samfunnsliv. Ho er ikkje berre ei ”utoverrørsle”; ho ”går ut” for å ”samle inn”, for å dra menneska og heile skapningen attende til Faderen. Også i Kristi liv og gjeming er der ei rørsle innover og oppover som vi ofte gløymer. Kristus vart send til verda for å føre verda attende til Faderen. Gud vart menneske for at mennesket skulle verte Gud, seier kyrkjefedrane. Altså guddomleggjort – eller heilaggjort, for å seie det på vestkyrkjeleg vis.

Litt mer av artikkelen kommer snart.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen