P. Arnfinn skriv om sitt kall

P. Arnfinn (katolsk prest, dominikanar) skriv ofte svært så pernsolig på sin blog, og i går kveld skreiv han følgande om sitt kall:

Det fekk meg, uventa, til å sjå livet mitt frå ein bakketopp, ei lita høgde på vegen, akkurat no. Og eg ser tilbake og ser at det ikkje er så rart at eg er tiggarmunk, prest, forkynnar. For meg har det alltid vore rart; for store sko til føtene, liksom. Eg kunne sikkert gjort noko anna, brukt det som er eg på ein annan måte. Det var også planen – heilt til noko hende i 18-19-årsalderen: Eit kall, ei sterk hand som tok meg hardt i nakken og snudde andletet mitt mot seg – og det var Han, leande, trur eg eg vil seie, lysande og utfordrande, ikkje dystert eller knugande. ”Heretter blir det denne vegen..!” ☺

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen