Store oppslag i Stavanger Aftenblad om kristen homofil samboer

For snar et år siden var det store oppslag i Aftenbladet om at det det var bedre at en ung mann «var død enn homofil». Jeg skrev litt om disse oppslagene da – HER og HER. Nå har denne unge mannen, Arnfinn Nordbø, skrevet bok om det som skjedde da han stod fra som praktiserende homifil, der han forsvarer sitt syn og sin praksis ut fra Bibelen, og retter ganske sterke anklager mot sine foreldre. Aftenbladet har på nytt hatt saken på første side, se bl.a. her. I dag svarer Nordbøs bror, (Nokre ord til forsvar) og skriver bl.a. følgende:

Det er med sorg i hjarta eg ser meg nøydd til å skriva desse linjene. Grunnen er dei stadige angrepa på min familie og bedehusrørsla frå min eigen bror, Arnfinn Nordbø. Eg er ikkje i tvil om at det har vore vanskeleg for han å stå fram som homofil sambuar, og vil respektere det valet han har tatt. Likevel er eg skuffa over korleis han har kjempa for sitt syn.

I løpet av det siste året har me prøvd å vera stille i det offentlege, prøvd å seia minst mogleg som kan virka provoserande, som kan gjera forholdet til Arnfinn vanskelegare. Dette har me gjort i håp om at stormen skulle leggja seg. Men det er tydeleg at ikkje alle vil ha det stille. Eg vil derfor seie nokre ord om dei stadige angrepa og skuldingane som har kome mot meg sjølv, familien og deler av bedehusrørsla i Rogaland.

Overskrifta «Betre død enn homofil» har blitt brukt i mange av innslaga i ulike media. I den nye boka til Arnfinn kjem det fram at dette sitatet kjem frå våre foreldre. Overskrifta har blitt brukt til å generalisera tusenvis av bibeltru kristne i Rogaland. Ein hevdar indirekte at dei bedehuskristne i Rogaland ynskjer at dei homofile skal døy. Dette er så langt ifrå sanninga som ein kan kome, og må avvisast som absurd og misvisande. ….

Det andre me må spørja oss er om dette er sant. Stemmer det at me ønskjer at Arnfinn heller var død enn homofil? Eg har enno ikkje møtt ein einaste vedkjennande kristen som meiner dette. Unntaket må vere den personen som sendte hatske og fæle meldingar, meldingar som me på det sterkaste tok avstand frå med det same dei kom. Når Arnfinn meiner sitatet stammar ifrå våre foreldre, er det fullstendig feilaktig, spekulativt og absurd.

….

Fleire gonger har det vorte skrive, både frå Arnfinn sjølv, men også som fakta frå media si side, at Arnfinn vart utstøytt frå familie, venner og bedehusmiljøet. Det er med undring eg har lese dette, for eg kjenner meg ikkje igjen i denne framstillinga. Det undrar meg òg at media ikkje undersøkjer dette litt meir.

Dette er slik eg ser det: Då Arnfinn reiste til Oslo kutta han banda og verva han hadde hatt i Rogaland. Han gjekk ut ifrå styre og stell, han sa frå seg forkynnartilbodet frå Norsk Luthersk Misjonssamband. Ingen av oss i familien ante noko om kva tankar han sleit med. Det tok to-tre månader frå han flytta, til han sa at han hadde homofile kjensler.

Eg veit ikkje om eit einaste bedehus som ville stengt døra for Arnfinn eller andre som oppfattar seg sjølv som homofile. Det einaste eg har møtt i dei forskjellige forsamlingane, er stor naud og kjærleik for Arnfinn. Dei modigaste menn har gråte sine tårer for han. Han har vore regelmessig heime hjå familien etter han flytta, og me har ikkje stengt døra for han. Me har ynskt han velkommen heim til høgtid og kvardag, han er alltid velkommen heim. Samstundes har familien ved fleire høve besøkt Arnfinn i Oslo. Når det gjeld hans venner, veit eg at mange har prøvd å snakka med han. Eg veit om fleire som har besøkt han i Oslo, som ønskjer å halda kontakten. Er dette utstøyting?

….

Dei teologiske vurderingane som Arnfinn har gjeve uttrykk for både i media og i boka si, er etter mitt syn under ein kvar kritikk. Det er dårleg teologi, rett og slett. Eg skal ikkje gå nærmare inn på einskildspørsmål her, då må eg òg skriva bok. … …

For meg er det eit tankekors at Arnfinn aldri torde å seia til meg kva han sleit med. Eg ville så gjerne vore ein bror som han kunne snakka med, og funne hjelp hjå. Eg har ingenting i mot menneska som har homofile kjensler, heller ikkje dei som lever i homofile forhold. … …

Me har ved gjentekne tilfelle oppmoda Arnfinn til å dempe den offentlege profilen. Ikkje i forhold til den ideologien han framfører, der må han gjerne stå som talsmann, sjølv om me er hjartans ueinige med dei fleste synspunkta han no har. Men dei gjentekne angrepa på familien, særleg mor og far, er vonde. Eg spør meg om det fins døme i Noregs historie på ei slik offentleg uthenging av nolevande foreldre?

3 hendelser på “Store oppslag i Stavanger Aftenblad om kristen homofil samboer”

  1. Det er i dagens Norge rett og slett ikke akseptert at en ikke synes homoseksualitet er vakkert og flott. Gir en uttrykk for et slikt syn, blir en møtt med beskyldnig om å være homofob, nazist etc. Det interessante er at de samme mennesker som taler varmt om homofilt samliv, selv ikke vil akseptere polyamorøse kjærlighetsforhold (med tre, fire eller flere partnere). Historien viser vel at mennesker sjelden er for toleranse så lenge en selv ikke tjener på det. Det samme gjelder vel ytringsfrihet. Forkjempere for aksept av homofilt samliv har selv henvist til ytringsfrihet og toleranse så lenge det tjente deres sak. Men deres meningsmotstandere skal natulrig nok ikke kunne nyte godt av ytringsfrihet eller toleranse. Nei, de skal latterliggjøres og demoniseres. Interessant å sitte på sidelinjen og se hva som skjer. Kohelet sa det slik: Det er intet nytt under solen. Han hadde nok rett.

  2. Jeg synes innlegget til Jon Petter Nordbø var veldig bra, og et godt forsvar av deres posisjon. Virker som om man blir stemplet som mørkemann hvis en synes homofili er synd i dag, og at argumentet er at bibelen er skrevet og tolket av mennesker som var produkter av sin tid, og at bibelen hele tiden må nytolkes i sin tid. Dette blir veldig problematisk ettersom vi står igjen med at det er ingen konstante sanheter ingen dogmer. Det eneste som skal stå igjen er at en skal elske sin neste. Dette står i sterk kontrast til sanheten om at Gud ikke forandrer seg.

    Mgr. Klaus Gamber nevner i en av sine bøker om liturgireformen at hva som skjedde etter Vatikan II har likhetstrekk med opplysningstiden, noe som jeg tror stemmer. Det virker som vi i dag lever i en periode som kunne kalles «ny-opplysningstiden». Jeg tror forøvrig ikke at debatten på aftenbladet.no er representativt for Rogalands befolknings mening. Min erfaring er at kristendommen forsatt står sterkt i fylket.

  3. Tja, det er vel ikke sikkert at det å elske sin neste, blir stående igjen. Derimot bør det å elske sin neste stå igjen for alle katolikker. Og om en elsker sin neste, bør en ikke fordømme dem. Dommen hører som kjent Vår Herre til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen