jul 082013
 

13juli_sta_sunniva
Slik leser vi på nettsidene til NRK-Sogn og Fjordane, lørdag 6. juni, to dager før minnedagen til Sta Sunniva og Seljemennene:

Fylkesmann Anne Karin Hamre stod for den offisielle avdukinga i eit strålande sommarvêr, og dei mange frammøtte kunne endeleg ta den flotte, tunge statuen nærare i augesyn. “Vi venta på henne og segna kan leve vidare. Dette er eit viktig historisk augneblink,” sa hotelldirektør i Selje, Gerd Kjellaug Berge, då statuen kom til Selje for få dagar sidan.

Bilethoggaren Arne Mæland har stått for det kunstnariske uttrykkjet på statuen, som står med augene vendt utover mot klosterøya Selja. … Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Dei rak i land på Selja og budde i bergholer.

Då Håkon jarl drog til øya for å drepe «inntrengjarane», rømde Sunniva med flokken sin inn i ein steinheller. Opninga rasa att bak dei, og irane vart levande gravlagde. Noko seinare fann kjøpmenn lysande og særs velluktande bein i hellaren, og tok dei med til kong Olav Tryggvason. Sunniva er den einaste kvinnelege helgenen i Norge.

Statuen av Sunniva skal setjast opp på torget rett framfor prestegarden og med utsikt med klosterøya. St. Sunniva er hogd på ein historisk stad, nemleg der David-statuen av Michelangelo blei laga. Det er bilethoggaren Arne Mæland som har stått for arbeidet.

 Leave a Reply

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

(obligatorisk)

(obligatorisk)