Problemer i Den norske kirke

Jan Ove Ulstein skriver i dagens Vårt Land (så langt har jeg ikke sett det på nett) om hvor store problemer det kan bli i Den norske kirke når man åpner for samkjønnet vigsel:

Diskusjonen er heftig om kor kyrkjesplittande det vil vere med ein liturgi for samkjønna ekteskap. Er det mogleg å ha kyrkjefellesskap, nattverdfellesskap, med slik usemje? Dreier det seg om det sentrale i luthersk teologi, om ein har same evangelium?

Bispemøtet gjekk som kjent inn for eit kompromiss med å ha to liturgiar for ekteskap. Det var ei kompromiss og ei realitetsorientering frå mindretalsbispane. Kyrkjemøte-medlem Harald Hegstad, sjølv motstandar av likekjønna ekteskap, slutta seg til det og grunngav det i Luthersk Kirketidende (og i Dagen og Vårt Land/Verdidebatt.no). Han viste til den fundamentale paragrafen i den augsburgske vedkjenninga (Confessio Augustana, CA), artikkel VII, der vilkåret for einskap i kyrkja er semje om evangeliet og forvalting av sakramenta.

Han vart angripen for det synet av Bernt Oftestad som meinte han ikkje var i pakt med den historiske meininga i CA VII. Ekteskapet er i CA kopla til den guddommelege naturretten og er ikkje adiaforon (mellomting der det er råd å vere usamde). …

Eg ser at det er eit mangfald ute og går når det gjeld stikkordet «evangelium». Knut Alfsvåg med fleire seier at alt Jesus forkynte, er ein del av evangeliet, inklusivt samlivslæra. Og ein frigjeringsteologi vil også utvide og tale om evangeliet for fattige – og for alle marginaliserte.

Min vesle observasjon er at her er partane ikkje nødvendigvis usamde om evangeliet, men om lova. Ein er usamd i om homofit samliv skal vedkjennast som synd eller om det er eit ope kjærleiksforhold. Min konklusjon utifrå CA er at her kan ein ha same syn på evangeliet, som svar på spørsmålet om korleis eit syndig menneske kan få ein nådig Gud, men ha ulikt syn på kva som er ei sann Guds lov. …

Jeg syns nok selv (når jeg ikke er lutheraner lenger) at en så snever definisjon av «evangelium» som enkelte her bruker, er lite nyttig, og at Den norske kirkes problem er at de er uenige både om hva Guds evangelium og Guds lov er.

1 hendelser på “Problemer i Den norske kirke”

  1. Jan Ove Ulstein

    Det er viktig å sjå konteksten her. Eg brukar same avgrensa definisjon av evangelium som i Confessio Augustana. Når nokon, som t.d. Bernt Oftestad, meiner at det nye synet på ekteskapet viser eit ulikt synd på evangeliet som bryt med artikkel 7 o Confessio Augustana, så er det eit argument for at usemja bryt einskapen i kyrkja. Men då må ein tolke art. 7 utifrå art. 4, og då er ein ikkje nødvendigvis usamde om evangeliet, men lova. Altså, utifrå dette kriteriet, er det ingen tvingande grunn til å forlate kyrkjesamdunnet. Dette er intern-luthersk argumentasjon – når ein først brukar CA 7.
    Elles er eg samd i at «evangelium» kan utvidast med større bibelsk fylde. Men då er ein over i annan type argumentasjon. Eg avviser ein argumentasjon på erke-luthersk heimebane – ei bane andre har valt.

    Jan Ove Ulstein

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen