Det sømer seg at lutherske biskopar ber om orsaking for alle skader lutherdomen har ført med seg

Min prestekollega, p Haavar Simon Nilsen, har i dag skrevet et innlegg på Verdidebatt (også trykt i Vårt Lands papirutgave), som overrasker en del; mener han dette alvorlig eller er det halvt eller helt på spøk? Det er noe i det han skriver, men det er vel ikke slik man oppfører seg økumenisk? Han skriver bl.a.:

I 500 år har lutherdomen prega vårt land. Det gjev inga grunn til feiring, men kvalifiserer til botsgang og vedkjenning av alvorlege synder.

For kva har Luther gjeve oss? Han gav oss eit pessimistisk menneskesyn der sjølv gode gjerningar vart sett som vonde, der den syndige steingrunnen i menneskesjela er utømeleg, …. Han raserte sakramentslæra og overleveringa av kyrkjesyn og -lære boren fram i historia gjennom tradisjonen, … Luther presenterte også ein tolkningsnykel for kyrkje- og kristendomsforståing som opna for eit skred av forskjellige ­tolkingar, ….

Men aller verst er sjølve splittinga av kyrkja. Den lutherske læra og superintendentane som etter kvart vart satt som leiarar for den nye rørsla, skapte grobotn for ei alvorleg kyrkjesplitting som har ført til djupe sår i den kristne korpusen som me kallar Kristi lekam, og som i sanning også er det. ….

Den katolske kyrkja har mange gonger bede om orsaking for feilgrep og synder ho har gjort, også ovanfor dei lutherske kyrkjesamfunna. Ei kyrkje som vil ta ansvar og oppføre seg som ein vaksen må av og til gå ut og vedkjenne sine feilgrep.

Eg ventar på at leiarane for folkekyrkja tar eit slikt ansvar i år … bispekollegiet­ bør be om orsaking for all urett lutherdomen har dratt inn over seg dei siste fem hundre åra. …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen