Vårt Land skriver i dag om et møte med et ortodoks ektepar fra Syria; kanskje en debatt bør startes om ikke Norge (og andre vestlige land) børe vise større interesse for de kristne som flykter fra Midt-Østen. Disse vil jo også være mye lettere å få integrert i vårt land enn mange andre. Slik kan vi lese:
(Eit syrisk ektepar) tok ei vanskeleg avgjerd i fjor. Dei flykta frå heimbyen Homs. Dei reiste frå foreldra. Vi tok oss til Beirut i Libanon, så fly til Moskva. Herfrå reiste vi nordover, mot grensa til Norge. Det siste stykket sykla vi, fortel Abboud.
Hittil i år har 6.774 syrarar fått det svaret dei ønskte: Ja, til opphald i Norge. To av desse heiter Olaa Salloum og Michel Abboud. Vi venta spent i ti månader på svaret, seier Salloum. Med opphaldsløyve i lomma blei det oppbrot frå Vadsø. Oslo hadde sagt ja til å busetje paret.
Aust i Oslo opna Eva Gundersby dørene til bustaden ho leiger ut: I fjor, då vi sat og såg at det kom mange asylsøkjarar til Norge, spurte vi oss sjølve; kva kan vi gjere? Vi bestemte oss for at vårt bidrag er utleige av bustaden i kjellaren, til dei som skal busetjast, slik som Olaa og Michel. …
… Praten over bordet går om laust og fast; utdanning, jobbplanar, familie og vener. Og tru. Olaa Salloum og Michel Abboud tilhøyrer den syrisk-ortodokse kyrkja.
Vi har gått nokre gonger i Bøler kyrkje. Men det ville også vore fint om me kunne møtte andre ortodokse kristne i Oslo, seier paret. På norsk. Berre når dei er for seg sjølve snakkar dei arabisk. Elles må kvart høve nyttast til å perfeksjonere det nye språket.
Og det fins minst 10 ortodokse kirker i Oslo, så vidt jeg vet, men jeg er usikker på om noen av disse bruker arabisk (er det assyriske kirker her, som vel bruker båe assyrisk/arameisk og arabisk?). Kanskje noen lesere vet noe om dette.