Av og til tenker jeg på at jeg er jærbu, og fra selveste sentrum av Jæren, Time – som forøvrig var sognekirke for begge disse to aktuelle jærbuene – og både Garborg og Hognestad (for disse to har navn fra gårdene de kom fra) ligger i dag i Time kommune. Ei nabokone fra min barndom kom fra Hognestad, og hun snakket ofte om biskopen med dette navnet. Garborg er også viktig for meg; min mor vokste opp bare noen hundre meter fra Knudaheiå, og Arne Garborgs far, Eivind, ligger gravlagt bare 100 m fra mitt barndomshjem ved Time kirke.
Vårt Land skriver i dag om det nå er 150 år siden Peder Hognestads fødsel, bl.a.:
Når tidenes jærbu skal kårast, er det kanskje Arne Garborg som ligg best an. Forfattaren og redaktøren frå Time kommune på Jæren konkurrerer ut både Janove Ottesen i Kaizer Orchestra og bilethoggaren Fritz Røed. Det finst likevel ein annan kandidat frå Time som Garborg ein gong skreiv til og sa: «Du gjer her meir gagn enn alle me andre.» Mannen var Peter Hognestad, bondesonen som seinare skulle bli biskop i Bjørgvin.
Hognestad, som var biskop frå 1916 til 1931, har på mange måtar stått i skuggen av Garborg, slik han også har stått i skuggen av Anders Hovden og Elias Blix. Han var ikkje ein like stor diktar som desse. …
… Hognestad gjorde så mykje meir. I mange år var han lærer på Menighetsfakultetet, og underviste i Det gamle testamentet. Før dette var han «målprest» i hovudstaden, og ein særs viktig person i utforminga av nynorsk som religiøst språk. Ikkje minst stod han heilt sentralt i å forme den kyrkjelege liturgien på nynorsk – eller landsmål, som det heitte då – på byrjinga av 1900-talet. Hognestad var den første norske presten som heldt gudsteneste på målet. Og han var hovudredaktør for den første fullstendige utgåva av Bibelen på nynorsk, den såkalla «Fyrebilsbibelen» eller Studentmållagbibelen som kom i 1921.
Som om ikkje dette var nok, var han også ein av tre redaktørar for Nynorsk salmebok som kom ut fire år seinare; dei to andre var Anders Hovden og Bernt Støylen.
Peter Hognestad var med andre ord ein uhorveleg viktig person i den nynorske språkreisinga. Han var inspirert av nynorsksalmane til Elias Blix, men også av Martin Luthers vektlegging av folkespråket som fundament for folkevekkinga. Luther omsette sjølv Bibelen til tysk, noko som var med å rydde grunnen for reformasjonen. Først med Hognestad kunne landsmålet i Noreg ta opp i seg eit fullblods bibelsk språk, slik Bibelen først no fanst å lese i sin heilskap. …