I dag (dagen etter korsets opphøyelse) markerer Kirken jomfru Marias smerter da hun stod ved korset og så sin sønn lide og dø. Les mer om denne dagen her. (Bildet over er av Dürer.)
I det nye lektionariet for ukedagene (som nettopp er kommet) er en (valgfri) sekvens med på denne dagen: Stabat mater dolorosa. Her tar jeg med kortformen av denne sekvensen:
Sæle mor, vil du det gjera, at i hjarta eg får bera her på jord min Frelsars sår?
Mine synder hev han sona, lat meg fylgja deg og vona at til krossen hans eg når.
Lat meg blant hans vener finnast, all hans ynk og liding minnast medan eg på jordi fer.
Lat meg attmed krossen standa, tårone med dine blanda til eg kjem hans hjarta nær!
Møy, du reinaste av alle, som deg her Guds mor fekk kalle, vil du høyra bøni mi?
Lat meg her hans liding bera og i liv og daude veramed deg i din tunge strid!
Um av såri då eg bløder, er det livsens flod som fløder frå hans kross og hjarteblod.’
Når eg fer frå jordheims aude, lat di bøn frå dom og daude fria meg, ver då meg god!
Kristus, lat på himmelstrender henna milde moderhender retta meg min sigerpris!
Ja, når moldi av skal siga, lat då sjeli upp få stiga til ditt sæle Paradis!