Biskop Eidsvig om forslaget til ny og kjønnsnøytral ekteskapslov
Dag og Tid skreiv fredag (i ein stor artikkel på første side) om katolikkars forslag til ny ekteskapslov i Norge. Der seier han bl.a.:
Eg vil be Ramin-Osmundsen om ein samtale om desse spørsmåla, seier biskopen i Oslo katolske bispedøme, Bent Eidsvik, når vi spør han om kva han synest om at det er ein katolsk statsråd som fremjar den nye ekteskapslova. …
Ramin-Osmundsen tilhøyrer Oslo katolske bispedøme. Det same bispedømet har gått sterkt ut mot lovframlegget. … Kva gjer så bispedømet når saka no vert framførd av ein av medlemene i deira eiga kyrkje? Vi spør biskopen i Oslo bispedøme, Bernt Eidsvig.
– Ramin-Osmundsen har ikkje bede meg om noko råd i denne saka, så om eg gjev henne det no i dette intervjuet, er det litt utidig. Eg vil derimot be henne om ein samtale. Det er betre at ho høyrer direkte frå meg kva eg meiner, enn at det skjer gjennom media, seier Eidsvig. …
Sp.: Katolske biskopar i USA har sanksjonert overfor katolske politikarar som har gått inn for fri abort og nekta dei nattverd? – Eg er klar over det. Slik reaksjonar trur eg ein oppnår lite med. I dette konkrete tilfellet med Ramin-Osmundsen, er det betre at ho som katolikk konfronterer sitt eige samvit og bed om råd frå skriftefar sin, enn at eg på dette tidspunktet skal seia at ho ikkje har tilgang til skriftestolen eller nokre av dei andre sakramenta.
Sp. Går utviklinga, som i den protestantiske kyrkja, mot at katolikkane òg så å seia set saman si eiga tru ved å velja bort det dei ikkje trur på? – Nei. I dag er det slik at dei som ikkje lenger er samde med kyrkja, forlèt oss. Det er ingen som lenger har nokon praktiske føremoner ved å vera katolikk, seier biskop Bernt Eidsvig.