I forbindelse med en sak jeg nevnte i går – at jeg var sjokkert over at så mange prester ser ut til å ha forlatt sentrale kristne etiske standpunkter – fikk jeg bl.a. følgende respons: «Det kan sjå ut som at du meiner at å møte alle med same respekt ikkje er vanleg kristen etikk? » Denne responsen kom nok fordi de aktuelle prestene hadde skrevet til biskop Kvarme: «vi opptatt av at kirken skal speile og inkludere alle mennesker, og at alle skal møtes med samme respekt”.
Jeg tenkte da på en person som påvirket meg ganske mye for 20-30 år siden, som skrev om den vanskelige kunsten å holde fast på kjærlighet og sannhet samtidig:
«I oss selv kan vi legge vekt på renhet uten kjærlighet, eller kjærlighet uten renhet, men aldri begge deler samtidig. For å kunne gjøre det, må vi hvert øyeblikk leve i Kristi tilgivelse og den Hellige Ånds kraft. Uten det blir vektleggingen på at kirken skal være ren noe hardt, stolt og lovisk, og kjærligheten blir ingenting annet enn kompromiss. Bare dersom vi er åndsfylte mennesker, kan vi samtidig vise både Guds hellighet og hans kjærlighet. Vi gjør det aldri perfekt, men vi må be Herren om hjelp til å gjøre det iallfall til en viss grad. Dersom vi ikke kan vise begge disse sidene ved Gud, vil ingen få se hvor stor han er. De vil bare se en karikatur av Gud og hans navn vil bli spottet.»
Den aktuelle mannen heter Francis Schaeffer, han startet og ledet i mange år et kristent teologisk/filosofisk studesenter i Sveits, som heter L’Abri. Han skrev sin siste bok i 1984, som jeg oversatte til norsk i 1985 og fikk utgitt i 1986 under navnet «Skjebnetime». Der beskriver han som han ser er i ferd med å skje med (de protestantiske) kirkene mht læreoppløsning. Han skriver også om hvordan man skal praktisere sannheten i dette kapitlet.
Flere ting har forandret seg i mitt liv siden 1986; bl.a. er jeg blitt katolikk og indentifiserer meg ikke så veldig mye med den evangelikale (dvs. konservative/protestantiske) kristendomsforståelsen som Schaeffer står for. Likevel er det mange ting i boka som opptok meg meg for over 20 år siden som fortsatt er viktige, derfor har jeg gjort oversettelsen tilgjengelig på internett her.
Det er litt fascinerande å lese bloggen din, fordi vi lever på så ulike planetar. Og eg tvilar ikkje på at du og mange andre kristne/religiøse meiner de står på «det gode» si side i t.d. homofil-debatten. Men eg forstår ikkje korleis de faktisk kan meine det. At de i det heile tatt kan få dykk til å nekte nokon å leve i eit kjærleiksforhold til ein annan person, og attpåtil framstiller det som «reinhet» (om eg tolka innlegget ditt over rett). Eg får vondt i heile meg.
Det er vel troen på Gud som i hovedsak skaper denne avstanden, disse to ulike planetene.
Hvis man tror at Gud har skapt hele verden og også oss, og har lagt ned lover og regler for vårt liv og vår oppførsel, blir det viktig å prøve å bli kjent med disse reglene og klare å leve etter dem.
Eg har høyrd ville rykter om at kristne heller ikkje alltid er enige om kor detaljert og rigid dei ser for seg at Gud har laga regelverket sitt, og kven av desse reglane som framleis gjeld. Dette med at ein ikkje skal vere rik, t.d., som vel alle i Norge per. def. er, var jo Jesus heilt tydeleg på. Men når vart ein prest sist nekta jobb fordi han hadde hus, bil eller sykkel? Kvifor kan noko av det Jesus har sagt sjåast i nytt lys i dagens samfunn, og andre ting ikkje?
Eg meiner faktisk ikkje å vere frekk, men eg forstår verkeleg ikkje korleis de tenker.
Selma: Tenk på dette: WWJD – Kva vilde Jesus gjort? Han vilde sagt til desse prestarne (som lever i homofilt samliv), som han sagde til kvinna som var teke i hor:
GÅ BURT, og SYNDA IKKJE MEIRE!
Og kva ville han sagt til dei prestane og andre kristne som lever i synd ved å vere rike?
Kva tid vart det ei synd å vera rik?
I følge Jesus er det i alle fall vanskelegare for ein rik mann å kome til himmelen enn for ein kamel å kome gjennom eit nålauge. Oppfordra han ikkje dei som ville følge han om å gje alt dei eigde til dei fattige først?
Men det ville verkeleg vore interessant å vite kva Jesus ville gjort og meint i dag. Kven har rolla som dagens skriftlærde og farisearar?
Selma
Etter mitt syn er dette to nokså ulike ting: 1) Har Gud gitt oss absolutte regler for hva som er rett og galt, og 2) Hvordan skal man forstå/tolke disse reglene?
Mennesker som (virkelig) tror på Gud (mest typisk jøder, kristen og muslimer) svarer ja på spørsmål 1). Spørsmål 2) kan være litt vanskeligere, og de aller siste årene har noen kristne f.eks. begynt å tolke Bibelens ord om homofili på en helt ny måte, som mer tradisjonelle kristne ikke kan godta.
For det tredje må man også vite hva Bibelen sier om ulike emner; det står ingenting om at man ikke kan være rik, men det står mye om at de som har overflod, ikke må lukke øynene for andres nød – og det kan man nok anklage vestens mennesker for å gjøre.
Eg er med på den. Det er vel sjølve kjernespørsmålet, korleis ein skal forstå reglane. Eg kan ikkje forstå at ein allmektig, god Gud skal ta lettare på alle oss som t.d. lukkar auga for andres naud, som du skriv, enn på ein mann som lever i eit forpliktande kjærleiksforhold til ein annan mann. Eg trur Han er større enn det.
Men elles forstår eg ikkje korleis de som er så opptatte av å analysere bibelord og å finne ut kva Jesus meiner om det meste, kan sjå bort frå likninga om kamelen og nålauga. Kvifor er ikkje den viktig, og korleis kan de la vere å forstå den som at rike ikkje arvar Guds rike? Det forstår eg ikkje.
Selma,
det sagde ikkì Jesus. Jesus sagde: «Det er vandare for ein rik mann å koma inn i himmelriket enn å træ eit tjukt taug gjenom eit nålauga». Kamelen er årsaka av ei feilumsetjing her. Det er snakk om det som på god oversettarsk heiter «faux amis» – falske vener.
Og det handlar ikkì um fysisk rikdom. Det handlar um å vera rik i seg sjølv, utfrå konteksten.
Eg går ut frå at du med «skriftlærde» då meiner Tz’dukim (sadukearane). Det er dei liberale teologane – dei som ikkje trur at Gud er Gud. Fariseearane er alle som utger seg for å vera noko dei ikkje er… KrF er vel ikkje så dumt eit bilæte – men også fariseearane havde sin Nakdimon (Nikodemus)
No vel, kamel eller tau (-så rart at dagens bibel framleis bruker ordet kamel, dersom dette er ein kjend feil?); å tre eit tjukt tau gjennom eit vanleg nålauga er også umogeleg.
Og i bibelen min står det då vitterleg at den rike mannen som høyrde dette om nålauga (evt. tauet) «gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje», i Matteusevangeliet. I Markusevangeliet står det at Jesus sa: «Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen». I Lukas er same oppfordringa til å selge alt og gje pengane til dei fattige.
Utfrå konteksten handlar då dette i høgste grad om fysisk rikdom.
*Matteus:*
Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?» 17 Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det gode? Éin er den gode. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!» 18 «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: « Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, 19 du skal æra far din og mor di, og du skal elska nesten din som deg sjølv.» 20 «Alt dette har eg halde,» svara den unge mannen. «Kva står då att?» 21 Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22 Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han eigde mykje.
23 Då sa Jesus til disiplane: «Sanneleg, eg seier dykk: Det er vanskeleg for ein som er rik, å koma inn i himmelriket. 24 Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 25 Då disiplane høyrde det, vart dei heilt forstøkte og sa: «Kven kan då bli frelst?» 26 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg; men for Gud er alt mogleg.»
*Markus:*
Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 18 Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! 19 Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di.» 20 Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.» 21 Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22 Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje.
23 Då såg Jesus omkring seg og sa til disiplane sine: «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike.» 24 Disiplane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike *for dei som set si lit til rikdom.† 25 Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26 Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?» 27 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»
*Lukas:*
Ein som var medlem av Rådet, kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 19 Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! 20 Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna falskt. Æra far din og mor di.» 21 Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.» 22 Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 23 Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.
24 Jesus såg at han vart sorgfull, og sa: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike! 25 Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26 «Kven kan då bli frelst?» spurde dei som høyrde på. 27 Han svara: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.»
Eg forstår ikkje korleis du kan meine at dette viser at fysisk rikdom er sekundært. For meg understreker dette berre at du velger kva slags bibelstader du meiner gjeld bokstaveleg, og kven som ikkje gjer det, med omhu. Kan det tilfeldigvis vere fordi det er meir behageleg for deg å nekte homofile ein livspartner, enn å gje alt du eig til dei fattige?
Unnskyld, Moi, dette var ikkje kort og konsist.