mai 302007
 

Jeg tok nylig med noe av dominikanerpater Arnfinn Haram i en interessant kronikk i tirsdagens Vårt Land. Her er litt mer av hans artikkel:

Når kyrkja ”forkynner Herrens død” (1 Kor 11, 26) gjennom Ordet og feiringa av eukaristien (nattverden), vert krafta frå Kristi kross proklamert som nærverande og verksam midt i vår røyndom – og slik dreg Kristus, gjennom kyrkja, stadig menneska inn i samfunnet med Faderen. Kyrkja skal i fylgje sitt vesen verkeleggjere denne dragande og kallande rørsla i Kristi forløysingsverk. Der dette ikkje manifesterer seg, er det inga kyrkje.

Den allmennkyrkjelege ekklesiologien held difor fast ved at kyrkja si urform er nattverdfeiringa – som alltid inkluderer og førutset ei levande forkynning av Ordet og den apostoliske Kristus-bodskapen. Det er også dette som kling igjen i dei lutherske vedkjenningsskriftene når dei seier at ”kyrkja er forsamlinga av dei heilage der evangeliet vert rett forkynt og sakramenta rett forvalta” (CA 7). Kyrkja er altså noko meir og noko anna enn eit tilbod om lausrivne kyrkjelege handlingar. Desse handlingane har berre meining som innføring i nattverdfeiringa. Vi vert døypte og konfirmerte for å ta del i nattverdfeiringa, og kyrkjeleg ekteskapsvigsle og gravferdpraksis førutset den konkrete kyrkjelege fellesskapen som nattverdfeiringa er. Kyrkja bør sjølvsagt strekkje seg langt i praktiseringa av dette for å kome i møte dei som av ulike grunnar ikkje tek del i nattverden; men alarmen må gå når unntaket vert regelen og gjort til eit prinsipp i sjølve kyrkjeordninga.

Forståinga av nattverdfeiringa som konstituerande for kyrkja synest framand for tradisjonell norsk-luthersk kyrkjetenkjing. Det har med kyrkjesynet å gjere, men det har og å gjere med korleis ein ser på nattverdsakramentet. Ein forstår nattverden primært som eit ”nådemiddel” for den einskilde truande. Trua og frelsa er individet si sak og mennesket tek imot frelsa gjennom Ordet og sakramenta. Dei ulike nådemidla sin eigenart vert ikkje så viktig – for det dreiar seg uansett om einskildmennesket si frelsestileigning. Sjølv om nattverden vert feira i kyrkjelydens fellesskap, er det den einskilde nattverdsgjesten som eigentleg står i fokus og ”hentar ut” nåden ved å ta i mot nattverdelementa.

Alt dette er i og for seg rett og sant, men det er eit overgripande perspektiv som manglar: At også den nattverdfeirande kyrkjelyden som kollektiv og som einskap er handlande og mottakande i feiringa! Den einskilde truande si mottaking av nattverden førutset heile kyrkjelyden si handling. Det er kyrkjelyden som saman verkeleggjer Kristi innstifting: Gjer dette til minne om meg! Det er heile kyrkjelyden som ”forkynner Herrens død” og feirar Kristi forsoningsverk. Det er heile kyrkjelyden som helgar seg sjølv og heile skaparverket ved å frambere I sine gåver og heile sitt liv som eit takkoffer, ein eukaristi, til Gud ved Kristus, i Anden. … …

Ein kyrkjelyd (eit sokn) er i grunn og botn den lokale forsamlinga kring den fullstendige feiringa av messa (gudstenesta med Ordet og Sakramenta), med fylden av nådegåver og tenester integrert i seg. Kyrkja sin misjon spring ut av dette og fører alltid attende til det.

Det er denne ekklesiologien ein ikkje alltid vågar å ta fylgjene av i spørsmålet om Den norske Kyrkja si ordning. Der det ikkje er ei levande nattverdforsamling, er det eigentleg ingen lokalkyrkjelyd. ”Folkekyrkja” burde våge å”regruppere” seg slik at ho dannar eit nettverk av livskraftige, eukaristiske forsamlingar av ein rimeleg fungerande storleik. Kanskje vil dette medføre ein reduksjon av talet på sokn og kyrkjehus. Berre kunstige, statlege overføringar kan oppretthalde den noverande kyrkjelege infrastrukturen med kyrkjelege tilsette, store kyrkjer, rådsorgan og byråkrati i kvar krik og krok av landet.

Det må gå ei grense for kor lenge eit kyrkjesamfunn kan oversjå den nytestamentlege og allmennkyrkjelege forståinga av kva kyrkja er og erstatte henne med sin eigen ideologi. Kyrkja vil nok verte ”mindre”, men i realiteten vil ho vekse. Fordi ho vil verte tydelegare i sin misjon og sterkare i sitt indre liv. Og til sjuande og sist opnare. For menneske som vil fylgje Kristus og leve i fellesskapen kring han.

Eller for å seie det med urkyrkja: ”Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødbrytinga og bønene. Og Herren la dagleg attåt lyden sin nokre som let seg frelsa” (Apgj 2, 42-47).

 Leave a Reply

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

(obligatorisk)

(obligatorisk)