Stor aktivitet på P. Arnfinns weblog

P. Arfinn skriv svært ofte på sin nye weblog (og inspirerar meg til å skriva nynorsk), og i dag har har skreve om ADVENT -OG ”ADVENT”:

I går var det fyrste sundag i Advent. Det blir stadig tydlegare at vi alle må velje mellom ”norsk” og kristen jul og advent. Nordmenn brukar tre gongar så mykje på juleshopping som svenskane, viser det seg; vi har altså ikkje teke rev i segla, trass den tilbakevendande kritikken av galskapen. Tvert om: vi i aksellererer, vi gassar opp! I ein slags absurd rus. Dei siste åra har det forresten blitt på mote mellom prestar og sekulære synsarar at ein ikkje skal ”moralisere” over julefeiringa. Folk treng litt ”ekstra” i vintermørke, liksom, og vi vil ikkje ta gleda for folk..

Eg trur det no kan seiast kort og tydeleg: Den vanlege jule- og adventfeiringa er eit køyr som får gå sin gang for dei som vil ha det slik. Midt i det heile finst det ei kristen høgtid, som eit alternativ for dei som vil det. …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen