apr 252017
 

Katolikker kjenner til Marta Steinsvik mest som den innbitte motstanderen av Den katolske kirke på 1920-tallet, men da jeg nylig leste boka “Fra Asker til Eden”, som omtaler Arne og Hulda Garborg og kretsen som bodde nær dem på Labråten/Hvalstad i Asker, lærte jeg mye mer om henne og mannen Rasmus Steinsvik. Rasmus var i flere år redaktør for bladet Den 17de Mai, og om den kan vi lese: “I 1910 ble avisen regnet blant de med mest betydningsfulle i hele landet. Fra 1914 kom bladet ut daglig, for første gang fikk man et daglig nynorsk riksorgan. Da Rasmus Steinsvik døde i 1913, hadde avisen et opplag på 15 000 – like mye som Arbeiderbladet og fire ganger Dagbladets opplagstall.” Til dette bladet oversatte Marta Steinsvik titalls bøker fra flere ulike språk, og gjorde dem slik tilgjengelige i Norge.

Men Wikipedia skriver også om henne: “I 1920-årene ga hun ut boka St. Peters himmelnøkler, som var et rabiat angrep på den katolske kirke. Boka vakte stor debatt, og hun reiste land og strand rundt og holdt foredrag basert på boka. … Steinsvik reiste landet rundt med foredraget «I moderkirkens favn» og agiterte gjennom en artikkelserie i Aftenposten i 1925 kraftig mot den katolske kirke og opphevelse av Jesuittparagrafen.”

Marta Steinsvik var en uvanlig person, med store evner, bl.a. studerte hun flere språk fra Midt-Østen, studerte teologi – og var visst den første kvinnen som holdt en høymessepreken i Den norske kirke. Men hun hadde også en hel del problemer, og boka skriver bl.a.:

… Marta Steinsvik hadde meldt seg inn i Norsk Teosofisk Samfunn og fått møtte Rudolf Steiner personleg. Han var i 1902 blitt generalsekretær for den tyske seksjonen av Teosofisk Samfunn og to år seinare leiar for den tyske delen av Esoterisk Seksjon. Frontfiguren i det norske teosofiske miljøet Richard Eriksen hadde fått Steiner til Noreg våren 1908. Han hadde snakka internt for dei norske teosofane «Om Johannesevangeliet i teosofisk lys» og halde eit offentleg foredrag i Turnhallen om «Kosmosutviklingen og menneskehets-utviklingen». Marta Steinsvik hadde vore til stades på begge, referert det siste i Den 17de Mai og skrive eit personleg brev til Steiner etterpå der ho fortalde at ein merkeleg varme hadde stige opp i henne mens han snakka.

Då Steiner seinare same år hadde kome attende til Noreg, blitt i to veker og halde foredrag for medlemmene i Det Teosofiske Samfunn, hadde ho igjen vore til stades, stadig meir fascinert av både læra og mannen. Ho hadde sendt små brev til han mens dei var samla, og fortalt at heile hennar «hjerte lengter etter å bli deres elev». Året etter hadde Marta Steinsvik vore mellom dei ti utvalde som Steiner hadde undervist personleg. Han hadde gjeve dei meditativ rettleiing og oppretta ein særskilt norsk losje for desse ti, som han kalla St. Olav.

Marta Steinsvik var nyfrelst og lukkeleg. Og forelska. Venene var urolege for henne. «Fru Steinsvik har i 14 dage vært paa Jahn hos en tysk Kristus, men han er ikke rigtig lik den jødiske, for han tar 2 kr. timen,» harselerte Tilla Valstad og fortalde at Rasmus Steinsvik var ute av seg og søkte trøyst hos Lars Utne.5° Arne Garborg var djupt skeptisk til den framveksande teosofien: «At Teosofi (og Buddhisme?) rykkjer fram er eit Tidvarsl; Europa tek til aa eldast,» sukka han i dagboka. «I Norig med vil det vera ymis Ungdom no, som heller slær seg paa Nirvana-Drøyming enn paa Samfundsspursmaal».

Marta Steinsvik skulle til Berlin for å arbeide vidare i lag med Steiner, trudde ho. Ho hadde for så vidt større planar og skreiv heim til Richard Eriksen at ho og Steiner planla å gifte seg. Då blei òg Eriksen uroleg for henne og skreiv til Steiner at han var redd for den psykiske helsa hennar. Han spurde om ikkje nokon kunne sende henne heim til Rasmus Steinsvik. Og då Marta Steinsvik i Berlin begynte å få telepatiske beskjedar frå Rudolf Steiner personleg og handla ut frå desse, sende nokon eit telegram til Rasmus Steinsvik om at han straks måtte kome til Berlin og hente heim den sjuka kona.

Rasmus Steinsvik og ein hjelpesmann drog til Berlin. Han fann henne og frakta henne med seg. … Den 24. oktober 1910 kom toget inn på Østbanestasjonen i Kristiania, der ei sjukevogn venta og køyrde ekteparet Steinsvik heim til Hvalstad. Det måtte haldast vakt over henne dei komande dagane, mens Rasmus Steinsvik venta på medisinsk hjelp.

I mellomtida skreiv ho brev til «Rudolf, lieber Rudolf, an mein geliebter?» og signerte brevet med «Marta Steiner». Distriktslege Hjalmar Kjærulf undersøkte henne først og konkluderte med at ho var «sindssyk og bør indlægges på asyl». Nokre dagar seinare blei ho undersøkt av den kjende psykiateren Johan Scharffenberg, som etter ein rask konsultasjon diagnostiserte henne med «paranoisk sindsykdom». Den 2. november 1910 blei «Marta Steiner» tvangsinnlagd på Gaustad Asyl. …

 Leave a Reply

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

(obligatorisk)

(obligatorisk)