Sjokkerende fra MF

Menighetsfakultetets eget blad «MF» ga nylig ut et temanummer om «Etikk fra vugge til grav» som bl.a. hadde en artikkel om abort. Noen nåværende og tidligere studenter reagerte på artikkelen om abort (og et par ultralydbilder) – SE HER – og de reagerer på at «kristen etikk knyttes til et ensidig abortsyn». Senere leser vi også at rektor Vidar Haanes tar selvkritikk (noe jeg nok syns er det mest sjokkerende, jeg kjenner ikke MF igjen, men det er jo også nesten 40 år siden jeg gikk der) og skriver ifølge Vårt Land:

Som ansvarlig redaktør for bladet tar han selvkritikk og ansvar for at de ikke fikk «godt nok fram at MF er og vil være et sted for mangfold». Haanes understreker at «MF som vitenskapelig høyskole ikke har et bestemt offisielt syn» i faglige spørsmål om drøftes ved skolen – inkludert etikk.

Sofie Braut skriver nå på Verdidebatt er passende svar på denne underlige reaksjonen, bl.a.:

34 tidlegare og noverande MF- studentar vart nyleg djupt provoserte av ultralydbileta som vart brukte som illustrasjon i samband med temaet «Etikk fra vugge til grav». I eit innlegg i her i avisa (16/12) hevder dei at bileta representerer eit «problematisk julebudskap». Innsendarane let i første rekke til å reagera på implikasjonane av bileta; det eine eit ordinært ultralydbilete, det andre eit kunstuttrykk frå ein britisk bussannonse-kampanje frå 2010. MF-studentane reagerer på at «spørsmålet om abort knyttes sammen med inkarnasjonen på en måte som kobler Kristi komme til verden sammen med tanken om at menneskelivet er hellig», og dei gjer biletbruken til døme på «polemikk» og «forenkling».

Dette er det verdt å stansa ved. Når berre det å visa bilete av den eine parten i ei sak vert ein provokasjon, seier det mykje om kor smal denne samtalen er. Det er heller ikkje lett å skjøna at det skulle vera ei forenkling å knyta saman inkarnasjonen, det at Gud vart menneske, med fosterets menneskeverd. Tvert om kan dette tolkast som vilje til å nærma seg ein kolossal kompleksitet.

Biletet som innsendarane først og fremst reagerer på, er eit ultralydbilete av eit foster med glorie og påskrifta «He’s on His way». Det figurerte for nokre år sidan i ein stor, tverrkyrkjeleg annonsekampanje i Storbritannia. Mannen bak kampanjen, Francis Goodwin, seier at han med biletet tek utgangspunkt i vår moderne måte å involvera andre i gleda over ein ny verdsborgar. «Posteren vår reflekterer denne nye måten å fortelja nyhenda om den som skal koma, og plasserer Kristi fødsel i ein ultramoderne kontekst», sa Goodwin då kampanjen vart lansert. Eit kunstuttrykk, altså, som utfordrar tanken og løftar fram andre perspektiv. Som uroar oss, slik god kunst skal. ….

Les gjerne alt hun skriver her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen