“Jo lenger borte ein er frå bedehuslandet, jo sterkare er meiningane om det, og jo trongare blir det.”

Eg fekk i går eit tips om ein ledarartikkel i bladet Øyposten på Finnøy. Redaktøren hadde irritert seg ganske grundig over at personar langt borte frå bedehus-Norge så lett generaliserte over eit miljø dei veit svært lite om. Les vidare her:

Debatten rundt den mykje omtala Nordbø-saka på Randaberg har gått høgt i media dei siste vekene, etter at Stavanger Aftenblad slo ho stort opp i sine spalter. Det har hagla med skjellsord og skuldingar mot både enkeltpersonar og mot det intolerante og sneversynte bedehusmiljøet. Dette i hovudsak frå personar som står svært så langt borte frå det same bedehusmiljøet.

Lat det vera sagt med ein gong: Me vil på det sterkaste ta avstand frå mobbing og trakkasering av einskildpersonar på grunn av deira seksuelle legning og på alle andre område i samfunnslivet der personar blir trakkasert. Men det er likevel eit langt stykke frå det å ta sterk avstand frå denne type problemstilling til å karakterisera heile bedehusmiljøet over det ganske land som intolerant, kjøleg og snevert.

Me som har vakse opp i dette «bedehuslandet», kjenner oss på ingen måte att i ein slik karakteristikk, slik me kjenner det i dag. Også her har det skjedd ei utvikling i retning av både respekt og toleranse for annleis tenkande menneske. Dersom «du torer» å ta turen innanfor bedehusveggene i ulike samanhangar blir du møtt med både respekt, kjærleik, omsorg og varme slik me sjeldan har sett det i alle dei andre fora som me også har møtt gjennom eit langt liv innanfor idrett, kultur og andre delar av det mangfald av organisasjonar som finst.

Me møter oppofrande folk som kveld etter kveld, og dag etter dag gjennom eit langt liv, har teke ansvar og omsorg for borna våre i trygge og inkluderande miljø utan å ta seg ei krone betalt. Gjennom dette har borna fått ein ballast med seg vidare i livet som dei har sett som verdifull, same kva livssyn dei elles måtte ha. Kanskje er det dette som også er hovudgrunnen til at eit tusental av tilreisande frå fjern og nær framleis ynskjer å vandra i dette bedehuslandet?

Då er det også eit paradoks at jo lenger borte ein til dagleg er frå dette bedehuslandet, jo sterkare er einingane om det, og jo trongare blir det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen