Lars Eskeland forteller om “Kvifor eg vart katolikk”

I boka «De søkte de gamle stier» har jeg nå kommet til Lars Eskelands bidrag. Mot avslutninga av sin tekst skriver han:

… det fyrst og fremst var eit livskrav som førde meg inn i den katolske kyrkja. Det var ein trong til å få all den hjelp til kristeleg livsframgang som til var. Særleg må eg nemna eitt av desse indre kravi som vakna med stigande styrke alt som åri leid, og det var trongen til skriftemål og absolusjon. Denne trongen vart etter kvart so uvinneleg at eg kjende meg tvinga til å søkja herbyrge i den katolske kyrkja. …

Der absolusjonen og skriftemålet var med Kristi fullmakt, der måtte eg vera. Det fanst ikkje val. Eg måtte gjera meg blind for alle hindringar og dauv for alle tilrop og gå, til den livskjelda som eg måtte drikka av til ny livskveik og æveleg helsa. So djupt og so høgt låg dette livskravet under og over all tenkjing og all filosofering og alle tankesystem.

Ei stund drøymde eg store draumar um at den lutherske kyrkja kunde få att dei fullmakter ho hadde mist då ho kom utanfor den livsstraumen frå Herren som heiter den apostoliske succesjonen – den sakramentale prestevigsla med alle fullmakter frå Herren.

På eit stort prestemøte på Voss Folkehøgskule sa eg at den lutherske kyrkja måtte gå i grus til slutt, dersom ho ikkje fekk skriftemålet og absolusjonen att. Biskop Hognestad svara at ho hadde både skriftemål og absolusjon. Men professor Taranger var samd med meg og sa nei. Han trøysta seg med – liksom eg då – at det ho hadde mist kunde ho få att. Men di meir dette arbeidde inni meg, di vissare vart eg um at ho aldri kunde få att det ho hadde sagt frå seg.

So, vart eg katolikk, og kann ikkje vera noko anna. Det var ein stor nåde, høgst ufortent.

Men når eg nemner dette, vil eg gjerne leggja til: Eg visste og veit at ein protestant kann vera mykje betre kristen enn eg er. Likevel synest eg det er usegjeleg sårt at kristne i ovstore mengder må sakna den underfulle hjelp og styrkjing som den katolske kyrkia, Kristi sanne Kyrkja, einast kann gjeva.

Dei som kjem til å sjå og kjenna det so som eg, dei har berre ein veg å gå. I småting kann ein lyda andre menneske, endå det kann bera imot eins eigen vilje. Men i dei største – ting må ein lyda Gud. Det er einaste vegen til frigjering.


Her er hele teksten – fra starten av:

Kvifor eg vart katolikk – og kvifor eg alltid må vera det.

Noko av det som undra meg alt i barndomen, var dei ugodslege domane eg høyrde um den katoIske kyrkja. Lenge fyrr eg kjende det minste til skilnaden millom den katolske og den lutherske kristendomen gjorde det meg vondt å høyra at gode menn hata og avdømde den trui som fedrane våre i over eit halvt tusen år levde og døydde i. For eg var reint ung, berre barnet, då eg tok til å tenkja på dei tider som var farne, og kjenna ei stolt gleda over fedralandet i den tidi dei store kongarte rådde og Noreg var det største havvelde i verdi og hadde flotar av dei venaste skip som har vore på sjøen. Eg såg utover ei eldgamal skipsleid kvar dag.

Når Olavane kristna landet, kom dei då med ein kristendom som var rangsnudd for di Kristus var burtkomen og fagnadbodet hans gløymt? Var det sant at urimelege menneskepåfynster og trolldomskunstar skamfor sanningi, som ugraset kjøver komet?

Eg gløymer aldri ein dag i eit av dei fyrste-sskuleåri mine. Læraren la ut um kor lukkelege vi var som hadde fått den lutherske læra og korne oss ut or den katolske kyrkja. Det var å koma frå myrker til ljos. Og då han hadde lagt ut soleis ei stund, spurde han: «Tror de at en katolikk kan blive salig?» Det var lett å høyra kva svaret skulde vera, og rundt storebordet svara dei nei i kor. Eg greidde ikkje dtt. Eg visste lite kva eg gjorde, men det tok til å strøyma inni meg, og so svara eg: «Ja, eg trur det.» Læraren stussa og såg på meg ei heil stund. So sa han: «Ja det er vel ikke umuligt. Men det må være meget vanskelig.»

Det er surne harndomsminne som aldri kverv or hugen. Og soleis er det med denne hendingi. Eg var ikring 10 år då. Alltid når dette sveiv for meg sidan, gjekk det ei sælking gjenom hugen. Eg var glad for eg svara som eg gjorde. Men korleis det hadde seg at eg braut igjenom eit sammælt nei frå heile flokken til eit ja, det veit eg ikkje. Eg veit berre det var eit svar frå hjarta. Og etter di eg mintest det ofte og alltid sa dette ja uppatt, so trur eg det hjelpte meg til å halda alt hat og all uvilje imot den katolske kyrkja langt burte frå meg.

Denne uviljen møtte meg i all den skuleupplæringi eg fekk sidan òg, både i barndom og ungdom, men aldri frå folket i heimegrendene eller i andre bygder. Det var som bøndene ikkje kunde verta fengde av denne illhugen og uviljen sameleis som storfjølden av embetsmenn og skulefolk. Og sameleis syntest eg det var då riksstyre og storting dreiv meg ifrå arbeidet mitt for di eg hadde vorte katolikk. Frå alle kantar av landet var det som logar av harme slo imot meg. Men det var å kalla uråd å sjå at bøndene var med i denne harmen. Tvert imot. Eg fekk dei sterkaste vitnemål um at dei ikkje det var. Det var reint utruleg kor stor ein godhug eg kjende tvert igjenom all mothugen og vondskapen. Eg undra meg storleg over dette og har ofte tenkt på det sidan. Og eg trur no at eg skynar noko av det. Reformasjonen hadde ikkje det aller ringaste tak i folket vårt då den katolske kyrkja vart gjord heimlaus i landet og sunderbroti i det ytre. Den katolske kristendomen hadde fest seg so sterkt i hjarta og skapt hugen so um, at folket vart verande katolsk i heile sin tankegang hundradår etter hundradår, ja like til no i denne mannsalderen. Soleis var det i den landsluten der eg er best kjend i minsto, og tvillaust i største parten av landet elles. Folk fekk seg aldri til å tru at gode gjerningar var verdlause, dei fekk seg aldri til å tru at viljen vår var heilt ut bunden i det vonde, dei fekk seg aldri til å meina at trui var det einaste Gud kravde av oss («troen alene»). Og um både dåp og nattverd trudde og tenkte dei heilt ut katolsk. Dei trudde fullt og fast at det var Jesu likam og blod dei fekk i nattverden, so vanskeleg dette ofte var, når ikkje ein gong all vinen vart signa, men t. d. mykje av han vart boren inn frå sakristiet midt under høgtidi og vart utskift utan vigsling. Det hende då likevel at sume stussa over slikt og tala um det.

Likeins hadde dei mange katolske kyrkjeskikker på bygdene. Men no i denne mannsalderen er desse kyrkjeskikkene burtfalne, og trui på nattverden har brigda seg um frå katolsk til calvinsk. Som ventande er kjem det då meir og meir av bruk å «gå til alters», som dei sa i min barndom.

Det er soleis i den siste mannsalderen at bøndene har vorte protestantiske i tru og tanke der eg er best kjend i landet. Men no må ein nok segja at reformasjonen i hovudsaki er fullførd.

Men då vert det rimeleg at det hatet som Luther og dei verdslege styremaktene vekte, mot den katolske kyrkja aldri har fengt og fest seg i bygdene våre. Skal ein forstå noko so merkeleg, so må ein leva seg igjenom soga vår frå folket vart kristna til no.

Det er skulen som har skapt fordomane mot katolisismen, og held deim ved lag, fyrst og fremst presteskulane.

Og fritenkiarskapen og den religiøse likesæla som har breidt seg so i siste mannsalderen har auka mothugen imot den kyrkja som ikkje i minste måte går på akkord og gjev etter for skiftande tidarkrav til religionen. Ein religion som mennesket formar ut av seg sjølv, har ikkje noko med kristendom å gjera, og Kristi kyrkja må visa alle slike akkordfreistnader frå seg. Her gjeld det fullt ut at «akkordens ånd er Satan», som Ibsen segjer i Brand.

Difor kjem det til å synast som den katolske kyrkja er hard og utolsam, intolerant. Det er på ei vis sant. Det finst ikkje i verdi noko so fast og ubøygjeleg som den katolske kyrkja. Ho rettar seg ikkje etter tidene og straumdragi i åndslivet. Ho er lik eit fjell som rekk upp i ljoset igjenom alle skylag og ver drag. So må det vera, so sant ho er det ho gjev seg ut for, Kristi talsmann i verdi og hans mystiske likam, so hans eige blod og hans eige liv strøymer igjenom henne.

Eg kom til å sjå at soleis måtte Kyrkja vera, so sant ho ikkje vilde svika sin herre og gjera seg sjølv til inkjes. Å halda fast på kristendomen og å verta katolikk vart då for meg eitt og det same. Var Kristus Gud og eitt med Faderen, so måtte han vera det frå æva til æva, og kyrkja hans måtte forkynna han sjølv heilt og fullt og gjera det han vilde ho skulde gjera.

Då dette daga seg for meg. tok eg til å lesa kyrkjefedrane og nyare teologiske verk. Hjå kyrkjefedrane farin eg ei lysande stadfesting på det som eg syntest sjå. Heile den lutherske teologien datt ifrå einannan og løyste seg upp for meg, aller mest det som Luther sjølv hadde skrive. Han braut sunder den veldige bygning han sjølv var uppvaksen i, og vann ikkje byggja upp noko som kunde stå i alle tider, for di han bygde so mykje etter eige tykke, utanfor den kyrkja som stod ifrå fyrst av, i Guds kraft. Kor store lyte hennar eigne born hadde og synte fram høgt uppe og lågt nede, stod ho, so det nett i dårlege tider var meir tydeleg enn elles at det var Guds kraft som heldt henne uppe i evig uppattnying, i evig ungdom. Helheimsportane kunde ikkje vinna over henne.

Då eg so tok til å lesa den store dogmatikken av Krogh-Tonning, so møtte eg den store klåren som stadfeste meg i det eg hadde levt meg fram til. For det var ikkje so mykje tanken som i over 20 år hadde ført meg stig for stig fram til den katolske kyrkia som det var sjølve livskravet i meg. Eg var framdriven av indre makter på ein måte som eg ikkje heilt ut kunde skyna.

Men di meir eg granska, di klårare såg eg at einast den katolske kyrkja hadde alt det som eg syntest Kristi kyrkja måtte ha etter dei livskrav som verkte og brann inni meg, sterkare og sterkare for kvar tid som leid.

Eg såg at ho måtte vera katolsk og vita at ho er det, etter di ho heiter soleis frå dei fyrste tidene. Eit menneskenamn på Kyrkja er då eit dødsmerke. Eg skyna at ho måtte ha ein absolutt autoritet og vita at ho har det, etter di ho er skipa av Kristus og er eitt med han; eg skyna at ho måtte ha uvikelege fullmakter frå Herren sjølv, eins for alle tider og folk og tungemål; eg skyna at ho måtte ha eit levande centrum og ein formann her på jordi, og at Herren hadde valt apostelen Peter til å vera det, so som alle må sjå det av Matt. 16, 18, 19 og Johs. 21, 15-17. Eg skyna at det var viktigt å ha eit einingscentrum og ein formann i fyrstningi, men tusen gonger viktigare sidan, alt etter som Kyrkja voks og tøygde seg ut over jordi. Og etter di Herren lova at han vilde vera med læresveinane sine alle dagar radt til heimsens ende, so måtte han og vera med Peter, han som skulde vakta og føda sauene og lambi.

Og det er ikkje ei einaste av dei protestantiske kyrkjone som eig noko av dette eg no har nemnt eller trur at dei eig det. Det er ikkje ei einaste av deim som trur um seg sjølv at ho har nokor avgjerslemakt med guddomleg autoritet. Men korleis kann ho då tru at ho er Jesu Kristi sanne kyrkja, som han har gjort til eitt med seg sjølv til sin eigen likam?

Kristi kyrkja er berar av sanningi og kann aldri falla for lygni, aldri verta overvunni av helheimsmaktene. Matt. 16,18; Tim. 1, 3, 16.

Men ho er skrøpeleg på mange måtar elles, for di ho har ei menneskeleg sida, etter di det er menneske Gud byggjer henne upp av. Kristi sanne kyrkja er soIeis både guddomleg og menneskeleg. Difor kan veikskapen vera so stor og såri so mange. Men difor er majesteten so veldig og herlegdomen so endelaus. Ho rekk frå jordi inn i himmelen.

Då eg syntest eg laut gå ut or statskyrkja og verta katolikk, var det surne som spurde, serleg dei av venene mine som var lutherske prestar: Kvifor kann du ikkje verta ståande i statskyrkja um du trur og tenkjer som ein katolikk? Statskyrkja krev ikkje eins tru av alle. Dette var vel meint, og på ei vis rett nok. Dersom det berre hadde vore spursmål um tru og tanke, so hadde eg kunna vorte ståande i statskyrkja og sloppe alt det såre og tunge som eg måtte ottast vilde koma med eit kyrkjeskifte. «Ver katolikk so mykje du vil, men gå berre*ikkje ut or den lutherske kyrkja,» sa ein prest til meg. Eg kann tenkja at mange synest det same den dag i dag.

Men eg har alt nemnt at det fyrst og fremst var eit livskrav som førde meg inn i den katolske kyrkja. Det var ein trong til å få all den hjelp til kristeleg livsframgang som til var.

Særleg må eg nemna eitt av desse indre kravi som vakna med stigande styrke alt som åri leid, og det var trongen til skriftemål og absolusjon.

Denne trongen vart etter kvart so uvinneleg at eg kjende meg tvinga til å søkja herbyrge i den katolske kyrkja. I fullaste meining kjende eg det som sagt er:

«Jeg må, jeg må, så byder mig en stemme i sjelens dyb. Og jeg må følge den!»

Der absolusjonen og skriftemålet var med Kristi fullmakt, der måtte eg vera. Det fanst ikkje val. Eg måtte gjera meg blind for alle hindringar og dauv for alle tilrop og gå, til den livskjelda som eg måtte drikka av til ny livskveik og æveleg helsa.

So djupt og so høgt låg dette livskravet under og over all tenkjing og all filosofering og alle tankesystem.

Ei stund drøymde eg store draumar um at den lutherske kyrkja kunde få att dei fullmakter ho hadde mist då ho kom utanfor den livsstraumen frå Herren som heiter den apostoliske succesjonen – den sakramentale prestevigsla med alle fullmakter frå Herren.

På eit stort prestemøte på Voss Folkehøgskule sa eg at den lutherske kyrkja måtte gå i grus til slutt, dersom ho ikkje fekk skriftemålet og absolusjonen att. Biskop Hognestad svara at ho hadde både skriftemål og absolusjon. Men professor Taranger var samd med meg og sa nei. Han trøysta seg med – liksom eg då – at det ho hadde mist kunde ho få att. Men di meir dette arbeidde inni meg, di vissare vart eg um at ho aIdri kunde få att det ho hadde sagt frå seg.

So, vart eg katolikk, og kann ikkje vera noko anna. Det var ein stor nåde, høgst ufortent.

Men når eg nemner dette, vil eg gjerne leggja til: Eg visste og veit at ein protestant kann vera mykje betre kristen enn eg er. Likevel synest eg det er usegjeleg sårt at kristne i ovstore mengder må sakna den underfulle hjelp og styrkjing som den katolske kyrkia, Kristi sanne Kyrkja, einast kann gjeva.

Dei som kjem til å sjå og kjenna det so som eg, dei har berre ein veg å gå. I småting kann ein lyda andre menneske, endå det kann bera imot eins eigen vilje. Men i dei største – ting må ein lyda Gud. Det er einaste vegen til frigjering.

Lars Eskeland

1 hendelser på “Lars Eskeland forteller om “Kvifor eg vart katolikk””

  1. Der absolusjonen og skriftemålet var med Kristi fullmakt, der måtte eg vera. Det fanst ikkje val. Eg måtte gjera meg blind for alle hindringar og dauv for alle tilrop og gå…

    Jeg leser og får klump i halsen – det er gripende å lese slike kortfattede fortellinger som oppsummerer det man selv har brukt 10-20 år på å komme fram til.

    Det som spesielt fanget min interesse ved denne historien, er at forfatteren klarer å se Kirkens vesen og ikke bare dens handlinger og uttrykksmåter. I vår tid er det spesielt vanskelig å navigere i kirkelandskapet fordi hele religionen er blitt en privatsak der «kirkene» drives som forretninger og tilbyr sine tjenester og særegenheter – dette minner meg egentlig mer om prostitusjon enn om «én, hellig, katolsk og apostolisk Kirke».

    Det er ikke lenger så mye tale om hva som er sannhet, men heller hva som best kan «fylle mine behov». Ingen spør lenger hva som er Guds vilje, men heller hva som passer meg og min livsstil. Ingen gidder å gjøre som forfatteren, å lese kirekfedrene for å få svar som er mer autentiske enn hva våre medarvede anti-katolske tradisjoner kan gi oss. Ingen bryr seg lenger om hva kirken, grunnleggnede i sitt vesen er, og hvor Guddommelig autoritet måtte være å finne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen