apr 292017
 

Jeg skrev litt om denne boka, Fra Asker til Eden, for noen dager siden (se her), mest da om boka omtale av katolikk-kritikeren Marta Steinsvik. Men boka handler tross alt mest om Arne og Hulda Garborg; hun som nesten egenhendig fikk på plass den norske folkedanstradisjonen, skapte den moderne bunaden, og startet nynorsk teatervirksomhet i Oslo, og han (Arne) den kjente og respekterte forfatteren med stor språk-/kunstnerlønn gitt av Stortinget i april 1898, tilbud om å bli kommandør av første klasse av St. Olavs orden på sin 60-årsdag 25. januar 1911 (men som republikaner var han på ingen måte interessert i noe slikt), og enda større feiring da han fylte 70 år i 1921 – tre år før han døde i januar 1924.

Jeg skal ta med noe Alfred Fidjestøl skriver om det begivenhetsrike året 1905, da Norge ble selvstendig og dette ble kunngjort høytidelig i alle kirker i landet pinsedag, 11. juni – samme dag som Arne Garborg også strevde med å finne sin fars grav utenfor Time kirke. Men her må jeg korrigere Fidjestøl litt; Eivind Garborg ble gravlagt i vigd jord, om enn i utkanten av kirkegården, for sognepresten hadde spurt biskopen om ekstra tillatelse, for en mann som hadde tatt sitt eget liv. (Jeg har i dag prøvd å finne referanser til denne informasjonen, men så langt uten å lykkes.) Det kan godt være at grava var umerkt, før Arne Garborg bestilte en stein i 1905 – nå står det en fin gravstein ved Eivind Garborgs grav.

Slik beskrives unionsoppløsningen og Garborgs leiting etter farens grav:

Unionsstriden hadde prega Den 17de Mai sidan oppstarten i 1894. I løpet av denne perioden hadde kravet om oppløysing av unionen gått frå å vere eit perifert krav til å bli ei politisk hovudsak. … Det var striden om eit norsk konsulatvesen som hadde skjerpa frontane. Noreg hadde i mange år kravd dette, … Den 18. og den 23. mai 1905 vedtok det norske Odelstinget og Lagtinget eit eige norsk konsulatvesen. Fire dagar seinare hamna vedtaket til formell godkjenning hos Kong Oscar II, som sjokkerte det norske politiske miljøet ved å nekte sanksjon. Den 17de Mai oppfatta sanksjonsnekten som unionens endelege fall: «Me hev ingen konge. Forfatningi er broti,» fastslo avisa. Usemja om eige konsulatvesen var plutseleg blitt ein open svensk-norsk kamp om framtida til unionen.

Alle nordmenns blikk var retta mot Stortinget. Sett bort frå Arne Garborgs. Han var på Knudaheio og skulle ordne med gravstein til faren.

Den sjølvdrepne faren var gravlagd utanfor kyrkjegarden, i uvigd jord, og utan noka form for minnesmerke. No var dei døde, dei som ville reagere på at ein sjølvmordar fekk seg gravstein. Endeleg kunne Arne Garborg heidre farens minne med ein stein, men han var avhengig av å finne nokre kjentfolk som kunne hugse og spore opp den nøyaktige plassen.

Mora hans levde framleis, men hadde gifta seg på nytt og flytta frå Garborg for lenge sidan. Ni søsken hadde dei vore, tre av dei — Stine, Eivind og Ola — var døde. Fire var emigrerte, Inger Marie og Samuel til Canada, Abel til Washington og Ane Oline til St. Paul. Berre to var att i heimlandet, Jon i Porsgrunn, Arne i Asker. Med hytta si i Knudaheio var Arne Garborg den einaste som hadde «fotfeste (um berre so halvt) i Heimbygdi», skreiv han til broren Abel: «[E]lles hev det gjenge som han Far spaadde i sine tyngste Stunder: at heile Ætti hans er spreidt, rivi opp med rot og drivi ut til alle Verdas Kanter, sume hit, sume dit, — Alle i hop heimlause og umflakkande paa Jordi.»

400 år attende kunne Arne Garborg rekne slekta si på Garborg. I oppveksten hans var dei ni born på garden. No var det ingen spor etter dei. Snart skulle det i det minste ligge att ein stein.

Mens han leita etter nokon som kunne hjelpe han å peike ut gravstaden, kom det stadig politiske oppdateringar frå Asker. Garborg levde med i dei historiske hendingane, 2-3 dagar forseinka. «I dag er det saa spændende i Politiken, at jeg næsten ikke kan være i Ro her. Løland reiser til Byen, og saasnart her kommer nogen Meddelelse skal jeg sende dig et Telegram!» skreiv Hulda Garborg til han den 30. mai.

Det norske Stortinget oppfatta situasjonen identisk med Den 17de Mai. Kongens sanksjonsnekt var eit brot med forfatninga. Stortinget trekte konsekvensen av det og vedtok samrøystes, den 7. juni 1905, at unionen var oppløyst. Dei sa samrøystes ja til at Stortinget valde ministeriet Michelsen til lovleg riksstyre — i kongens stad. I ei setning og i ei enkelt stortingsrøysting var den snart hundre år gamle unionen oppløyst.
Det var ein revolusjonær augneblink. Konsekvensane av vedtaket var førebels heilt uføreseielege. Arne Garborg fekk dagsferske nyheiter denne dagen. Klokka 16.00 den 7. juni 1905 kom telegrammet: «Unionen uppløyst. Ministerie Michelsen valt fyribils Riksstyre. Alt samrøystes. Steinsvik.» Rasmus Steinsvik hadde sjølv vore til stades i Stortinget og presselosjen. «Det var ei stor stund; den største sidan 1814. Mange våte augo var å sjå,» skreiv han i avisa som gjekk i trykken denne kvelden.

.. Garborg sat høgtidsam og åleine på Knudaheio og noterte eit «Hurra» i dagboka: «Der er kje anna te segja. Kann no dette laga seg, og det paa fredeleg Maate, so vil der vera Von til, at me kann taka til aa byggje Lande att.» To dagar seinare fekk han brev frå Hulda Garborg med full utgreiing av det som hadde hendt. Han blei sitjande og gråte av glede: «Eg las og las; og Taarine rann. D’er mest so det er vondt aa gange her uppe aaleine i slike Tidr.»

Pinsesøndag den 11. juni gjekk det norske folket i kyrkje som borgarar av eit fritt land. Denne kyrkjesøndagen blei som ei slags spontan nasjonalmarkering av den fløyelsrevolusjonen landet hadde vore gjennom. I Asker kyrkje sat Hulda og Tuften Garborg og Rasmus Løland og høyrde prost Paul Theodor Kielland lese opp proklamasjonen til det norske folket. «Prostens korte Bøn efterpaa, hvori han ogsaa vakkert indbefattede `han som var Norges Konge’ var enkel og gribende. Forsamlingen var dybt bevæget og den gamle hvide Prost med det fine Hoved og det barnlige gode Udtryk i det blege Ansigt kjæmpede haardt med sin egen Bevægelse.» På slutten av gudstenesta foreslo han at ein for å lufte den kjensla «som sikkert i denne Stund rører seg i os alle», skulle synge to vers av fedrelandssongen. Men forsamlinga var så gråtkvelt at ein berre kunne høyre presten under allsongen.

Samstundes sat Arne Garborg i Time-kyrkja og høyrde presten Borchgrevink lese den same proklamasjonen og kjempe med dei same kjenslene. «Det var lydande stilt i Kyrkja daa; mangt eit Kvinnfolk og mang ein gamall Krok hev kjent det kulsa i seg, sjølve Presten totte eg bleikna. Men meir var det ikkje; stillare Revolution hev det aldri vore gjort i noko Land enn den me no gjeng igjenom,» skreiv Arne Garborg i dagboka.

Etter gudstenesta gjekk Garborg i lag med Sven Tønesson Garborg og Ola Larsson Mossige og leita opp gravstaden til faren. Utanfor kyrkjegarden var det to små tuer som såg ut til å ha vore graver ein gong, ingen var heilt sikre på kven av dei det var, men tuene låg så nære kvarandre at Arne Garborg meinte steinen kunne plasserast midt mellom dei, ved nokre bjørketre som voks der. Ein gravar kom til og merkte seg plassen. Så snart Arne Garborg hadde skaffa ein stein, kunne gravaren kome attende og grave ein plass til steinen. Om ikkje lenge ville det på kyrkjegarden på Time, om ikkje anna, vere eitt minne etter ei ætt som hadde sokna dit sidan 1623.

Bilder under viser Time kirke, og jeg har markert Eivind Garborgs grav med et kors. Jeg vokste forøvrig opp i huset til venstre i bildet.

 Legg igjen et svar

Du kan bruke disse HTML taggene and attributtene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

(obligatorisk)

(obligatorisk)