Preken fra St. Dominikus kirke i Oslo

St. Dominikus kirke er blitt nevnt en del på denne bloggen, bl.a. fordi mange av konvertittene som er intervjua i Dagbladets siste artikkel om katolisismen går det. Her er litt av p. Arnfinns preken fra sist søndag, ganske utfordrende og direkte – den kan leses i sin helhet her.

26. SUNDAG I ÅRET- 08; MATT 21,28-32

Brør og systre!
I evangeliet i dag talar Jesus inn i ein samanheng der han vil kalle det gamaltestamentlege gudsfolket, Israel, til ettertanke; han vil vekkje dei opp til å ta mot sin Messias. Leirarane i hans eige folk tok ikkje i mot han; medan mange av ”dei stille i landet”, mange av dei fattige, mange syndarar og mange sjuke trudde på han. Og etterkvart: Dei framande folkeslaga, heidningane, skulle kome til å opne seg for hans evangelium i store skarar..

Men det ligg også ein meir universell bodskap i Jesu ord i dag: Han går i rette med alle dei som tar sitt forhold til Gud for gitt og tenkjer at det er nok dersom formalitetane er i orden. Det det gjeld om, er aktivt å vende seg til Gud og svare på hans kall!

Tida for reint ’nominell’ kristendom er over. Frå keisar Konstantins tid på 400-talet, då kristendomen vart statsreligion, blei det om å gjere alt alle var med i den ytre folden – for ein kvar pris. …

Kyrkja består av dei som vågar å bryte ut av alle falske forventingar, og idag ikkje minst: vågar å bryte ut av det sekulære konformitetspresset! Kyrkja består av dei som vågar å angre, å skrifte, å begynne på nytt!

Din sosiale status, din velstand, din posisjon, di kyrkjelege stilling, dine merittar – ingen ting av dette er avgjerande. I framtida vil kristne menneske ha svært ulik bakgrunn og ha eit svært brokete livsmønster. Det dei har felles, er: Dei har innsett at dei har ingen ting å tape i denne verda, men alt å vinne i Guds rike; dei er kanskje blitt merka av livet, dei har vakna opp og innsett kva som er viktig, at:

… Bror og syster! Spørsmålet er kva du svarar på Guds kall i dag. Har du noko å angre; ei alvorleg synd, ei dødssynd? Eller ei ussel vanesynd, småting som har låst seg fast og som hindrar krafta og gleda i livet ditt? Også ein liten stein i skoen kan gjere det umuleg å gå til slutt.

Mange idag har vanskar med å tru. Men skal tru om ikkje den største vansken er å angre, å innrømme at eg treng ein ny start?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen