P. Arnfinn skriv om ein heilt vanlig sundag

På sin blog skriv p. Arnfinn Haram om ein sundag han vikarierte i ein av vårt lands katolske kyrkjelydar – St Svithun:

«Det fascinerande er det internasjonale preget, men også blandinga av generasjonane og kjønna. Skrukk-kinna vietnamesiske bestemødre, ungdomar, vaksne, ungar og babyar, menn og kvinner. Når eg preikar, er alle fiksert merksame og opne. Det ljomar i veggene når kyrkjelydssvara i liturgien kjem: Amen! Halleluja! Hosianna! Og med di Ånd! Herre, høyr vår bøn! Songen og musikken er ei skikkeleg blanding av norske salmar, gregoriansk messesong (kyrie, gloria, credo, agnus dei) og – i messa klokka eitt – deltaking av det vietnamesiske koret. Koret står ikkje utstilt på galleriet, men sit på dei fremste benkene og er ein del av forsamlinga. Kyrkjelyden syng med; voggande og sterkt, som på eit norsk bedehus. Alt akkompagnert på syntesizar av hjartans lyst. Nydeleg, ecclesia cantans, den syngjande kyrkja, av mange folkeslag, tungemål og stilarter. Den tradisjonelle messeliturgien held det saman i ein verkeleg einskap.

… Presten er omringa av ministrantar, gutar og jenter, også godt organiserte. Rart å sjå fjortisane med dei supraste frisyrar, rare briller og sagga bukser; i sakristiet blir det plutseleg ein ordna gjeng som bed førbuingsbønene i kor. Så formar det seg til prosesjon; med ungdomar som ber kross og ljos og røykjelse og småtassane med røykjelsebåten og diverse anna utstyr. Oppe i koret, .. finn dei sine plassar og utfører sine opppgåver med presisjon. Like sjølsagt som presten og dei vaksne medhjelparane. Ein engleskare av born og tenåringar. Og dette er ei heilt vanleg sundagsmesse. Velkomne til Guds familie!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen