Professor Oftestads foredrag fortsatt aktuelt

Magne Lerø viser i dagens Vårt Land (ikke på nett, så vidt jeg kan se) med ganske mye tilslutning til Bernt Oftestads avskjedsforelesning, der han snakker og hvordan «»22. juli» er blitt politisert. Lerø viser til en artikkel i Dag og Tid (som jeg tidligere ikke har sett). Det er en interessant artikkel, som åpner slik:

Den norske venstresida har nytta terroren 22. juli til å kneble kritikk mot det politiske prosjektet sitt, meiner professor Bernt Oftestad ved Menighetsfakultetet. Han hevdar at Noreg er på veg til å bli eit totalitært samfunn.

Professor Bernt Oftestad meiner at kritikarar av det multikulturelle samfunnet har blitt utsette for ei heksejakt i Noreg. Foto: Per Anders Todal
Striden om kva terroråtaka 22. juli 2011 skal tyde for det norske samfunnet, er langt frå over. For ei veke sidan kom Bernt Oftestad, professor i kyrkjehistorie ved Det teologiske menighetsfakultet, med sitt bidrag. I avskjedsforelesinga si hevda Oftestad at ugjerningane har blitt utnytta av den norske venstresida til å fremje politiske mål. Han sa at 22. juli har blitt brukt i det han kallar eit «politisk-kulturelt prosjekt», leidd av eliten i politikken og massemedia. Dag og Tid møtte Oftestad til samtale for å finne ut meir om kva han meiner.

Først vil eg gjerne understreke at alle normale menneske har medkjensle med dei som vart råka 22. juli. Men lidinga deira vart kopla til eit politisk og ideologisk program for å fremje det multikulturelle og multireligiøse samfunnet, seier Oftestad.

Det programmet var der allereie, men det fekk meir trykk av 22. juli. Det har blitt vanskelegare å drøfte det politisk og analytisk, for ein kan alltid halde fram den forferdelege lagnaden til desse ungdomane og slik stogge munnen på folk. Den som vil kritisere denne politikken, får høyre at det er krenkjande, for det råkar dei som er i sorg.

Kan du gje døme?
Stiklestad-saka i fjor er veldig illustrerande. Dei som gjekk mot planane om å gjere Stiklestad til ein multireligiøs stad, vart overkøyrde, og saka deira vart gjort til noko illegitimt. Det vart sagt at dei krenkte offera på Utøya, som hadde mista livet på grunn av støtta si til det multikulturelle programmet. Lagnaden deira vart gjeven ein politisk funksjon. …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen