Jeg blei intervjua av NRK for noen uker siden om den kommende Synoden i Roma om Kirkens arbeid i Amazonas. Jeg var ikke veldig fornøyd med det som ble skrevet – og jeg valgte å tone ned at synoden kan bli nokså kontroversiell – men her er noe av det.
Biskopar i Amazonas-området skal møtast i oktober for å diskutere behova dei har, melder nyheitsbyrået AP.
Eit av temaa dei vil sjå nærmare på, er om den katolske kyrkja skal tillate å ordinere menn som allereie er gifte til å bli prestar.
– Diskusjonen gjeld berre for gifte menn over 35 år og som bur i avsidesliggande deler av Amazonas. Dette diskuterest ikkje på brei front i den katolske kyrkja, seier Oddvar Moi, som er katolsk sjukehusprest i Oslo. …
Moi var opphavleg luthersk prest, men konverterte i 1994 til den katolske kyrkja. Han var første person i landet som fekk tillating til å bli ordinert, sjølv om han allereie var gift.
– Eg måtte søke paven om dispensasjon, seier han.
– Kva synest du om at Vatikanet nå opnar opp for ein debatt rundt sølibatkravet?
– Då eg blei katolsk prest og var gift, var det eit klart unntak. Det same er det for prestane i Amazonas. Eg er ganske nøytral til det.
– Kva trur du verknaden av ei oppmjuking vil vere?
– Om dette blir vedtatt om få år, må vi sjå om det faktisk er mange som ønsker å bli ordinert som gifte prestar i desse områda. Så må vi sjå om det funkar.