Bror Arnfinn skriv mye interessant på sin weblog, og i går tok han med ein artikkel han hadde levert til Kalssekampen rett før nyttår. Der skriv han bl.a.:
Kva er det med raddisane – venstreradikale av ulike sjateringar frå gamalkommunistar til SV-light? Kvifor ser dei stort sett raudt (!) når dei møter noko som har med tru og religion å gjere? Om det då ikkje dreiar seg om den statstilpassa Giske-varianten. .. .. Kvifor?
For det fyrste fordi ein i truskap mot dei sosialistiske patriarkane tek for gitt at religionen er ein fiende av ”folket”. …
For det andre rasar ein over religionen og kyrkjene si ”makt”, over byråkratiet i Vatikanet og gud veit kvar. …
Ein tredje aggresjonsfaktor er bitre barndomsminne. Eg ser ikkje bort i frå at godt vaksne raddisar kan ha hatt strenge foreldre eller møtt dumme prestar. Men det må vere lov å lure på …
Eit verkeleg agg har den kulturradikale venstresida til kyrkja og religionane sin strenge seksual- og familiemoral. ….