Kirke eller folkekirke? – del 2
Jeg tok nylig med noe av dominikanerpater Arnfinn Haram i en interessant kronikk i tirsdagens Vårt Land. Her er litt mer av hans artikkel:
Når kyrkja ”forkynner Herrens død” (1 Kor 11, 26) gjennom Ordet og feiringa av eukaristien (nattverden), vert krafta frå Kristi kross proklamert som nærverande og verksam midt i vår røyndom – og slik dreg Kristus, gjennom kyrkja, stadig menneska inn i samfunnet med Faderen. Kyrkja skal i fylgje sitt vesen verkeleggjere denne dragande og kallande rørsla i Kristi forløysingsverk. Der dette ikkje manifesterer seg, er det inga kyrkje.
Den allmennkyrkjelege ekklesiologien held difor fast ved at kyrkja si urform er nattverdfeiringa – som alltid inkluderer og førutset ei levande forkynning av Ordet og den apostoliske Kristus-bodskapen. Det er også dette som kling igjen i dei lutherske vedkjenningsskriftene når dei seier at ”kyrkja er forsamlinga av dei heilage der evangeliet vert rett forkynt og sakramenta rett forvalta” (CA 7). Kyrkja er altså noko meir og noko anna enn eit tilbod om lausrivne kyrkjelege handlingar. Desse handlingane har berre meining som innføring i nattverdfeiringa. Vi vert døypte og konfirmerte for å ta del i nattverdfeiringa, og kyrkjeleg ekteskapsvigsle og gravferdpraksis førutset den konkrete kyrkjelege fellesskapen som nattverdfeiringa er. Kyrkja bør sjølvsagt strekkje seg langt i praktiseringa av dette for å kome i møte dei som av ulike grunnar ikkje tek del i nattverden; men alarmen må gå når unntaket vert regelen og gjort til eit prinsipp i sjølve kyrkjeordninga.
Forståinga av nattverdfeiringa som konstituerande for kyrkja synest framand for tradisjonell norsk-luthersk kyrkjetenkjing. Det har med kyrkjesynet å gjere, men det har og å gjere med korleis ein ser på nattverdsakramentet. Ein forstår nattverden primært som eit ”nådemiddel” for den einskilde truande. Trua og frelsa er individet si sak og mennesket tek imot frelsa gjennom Ordet og sakramenta. Dei ulike nådemidla sin eigenart vert ikkje så viktig – for det dreiar seg uansett om einskildmennesket si frelsestileigning. Sjølv om nattverden vert feira i kyrkjelydens fellesskap, er det den einskilde nattverdsgjesten som eigentleg står i fokus og ”hentar ut” nåden ved å ta i mot nattverdelementa. …