Han kom – Han vann (av Lars Eskeland)

Han kom – Han vann

Ja, verdi fekk atter si vantande helsa / då Kristus kom til oss med Livet og Frelsa.
Sanningi var Han, og Vegen Han viste, / for sjølv var Han Vegen, den fyrste og siste,
den som oss fødde og den som oss førde, / den som oss skapte og den som oss nørde.

Inne i hugen sin allting Han drøymde, / ut ifrå handi Hans alle ting strøymde.

Gudgjeven vilje til vondskap seg vende.
Eitrande gift ifrå Hel / skjemde var evige sjel.
Men på si skamfarne brud / tenkte vår Herre og Gud:
Sonen til berging oss Faderen sende.

Aldri du såg slik ein hovding på ferdi.
Fienden tok Han, / fienden skok Han,
hengde Han upp millom himmel og jord,
Han som var sjølve Guds levande Ord.
Der ser du Gud i unemneleg pina, / so soli laut slutta å skina.

Men då vart det snunad i verdi: / Ætti Han vaska so lysande rein,
dei som med bøn og med bot / Han og alt Hans tok imot,
alle som vilde ha frelsa, / alle som ynskte seg helsa.

Og soli fekk skina som aldri ho skein.

(Av folkehøgskulestyrar Lars Eskeland. – Trykt i Våre fedres gamle kristentro, 1935)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen