ANTIKATOLISISMEN – ny artikkel i Dagbladet
Pater Arnfinn Haram skrev i forgårs i dagbladet om Antikatolisismen, og skriver slik om dette på sin egen blog (pluss at han tar med hele kronikken.) «Dagbladet bad underteikna om å skrive kronikken som oppfylgjar i “serien” som har gått i det siste, om konvertittar og katolisisme.»
Jeg tar med litt fra starten, fra midten og fra slutten av kronikken (og HER kan man lese Dagbaldetsida i pdf-format):
«No skriv også Dagbladet om den katolske kyrkja. Ikkje bere spydige leiarartiklar og nedlatande kommentarar, men side opp og side ned i Magasinet og i hovudavisa. Den store reportasjen om elitekonvertittane nyleg er fascinerande lesnad, og det som eigentleg fascinerer, er at det kan lesast i Dagbladet. .. Sjølvsagt har konverittreportasjen – ein serie mini-intervju med kjendiskonvertittar frå Oslo-regionen – Dagbladets vanlege antikristne og antikatolske sebrastriper. Det er likevel ein annan vri å spore. Fleire av intervjuobjekta slepp til med oppriktige ytringar, sjølv om nokre av dei sikkert er blitt vinkla litt i hytt og pine. …
Sjølv synst eg at nokre av dei som var intervjua, kunne synt større truskap mot kyrkja enn det dei gjorde med sine raske dissensar om kondomar, kvinnelege prestar og samkjønna ekteskap. Dei har faktisk heilt friviljug og med handa på Evangeliet lova å tru og vedkjenne det den katolske kyrkja «trur, lærer og forkynner». …
Er det i ferd med å utvikle seg ein slags «McCarthyisme» mot katolikkar her til lands? Katolisisme er sterke saker, men skikkeleg antikatolisisme er heller ikkje til å spøke med. Det er fyrst og fremst dei sekulære elitane som har stått for definisjonsmakta i den vestlege verda i nyare tid. Kanskje det er på tide å sjekke opp korleis det ligg an med nettverk, hierarki og privilegium der i garden? Skrekkslagne vaknar dei norske mainstream-elitane opp og anar at ikkje alle kjem til å dele den kulturradikale konsensusen. Det finst, og vil finnast folk, som har andre synspunkt på famile-etikk, på seksualitet, abort og offentleg religionsutøving. Ingen av desse, heller ikkje den katolske kyrkja, har planar om å tvinge sine meiningar inn på andre. Spørsmålet er heller om katolikkar og likesinna i det heile kan rekne med å få lov å leve vidare i dette samfunnet. Spørsmålet er ikkje retorisk. Vi skal passe oss når toleranseapostlane flekkjer tenner.»