Lars Eskeland forteller om “Kvifor eg vart katolikk”
I boka «De søkte de gamle stier» har jeg nå kommet til Lars Eskelands bidrag. Mot avslutninga av sin tekst skriver han:
… det fyrst og fremst var eit livskrav som førde meg inn i den katolske kyrkja. Det var ein trong til å få all den hjelp til kristeleg livsframgang som til var. Særleg må eg nemna eitt av desse indre kravi som vakna med stigande styrke alt som åri leid, og det var trongen til skriftemål og absolusjon. Denne trongen vart etter kvart so uvinneleg at eg kjende meg tvinga til å søkja herbyrge i den katolske kyrkja. …
Der absolusjonen og skriftemålet var med Kristi fullmakt, der måtte eg vera. Det fanst ikkje val. Eg måtte gjera meg blind for alle hindringar og dauv for alle tilrop og gå, til den livskjelda som eg måtte drikka av til ny livskveik og æveleg helsa. So djupt og so høgt låg dette livskravet under og over all tenkjing og all filosofering og alle tankesystem.
Ei stund drøymde eg store draumar um at den lutherske kyrkja kunde få att dei fullmakter ho hadde mist då ho kom utanfor den livsstraumen frå Herren som heiter den apostoliske succesjonen – den sakramentale prestevigsla med alle fullmakter frå Herren.
På eit stort prestemøte på Voss Folkehøgskule sa eg at den lutherske kyrkja måtte gå i grus til slutt, dersom ho ikkje fekk skriftemålet og absolusjonen att. Biskop Hognestad svara at ho hadde både skriftemål og absolusjon. Men professor Taranger var samd med meg og sa nei. Han trøysta seg med – liksom eg då – at det ho hadde mist kunde ho få att. Men di meir dette arbeidde inni meg, di vissare vart eg um at ho aldri kunde få att det ho hadde sagt frå seg.
So, vart eg katolikk, og kann ikkje vera noko anna. Det var ein stor nåde, høgst ufortent.
Men når eg nemner dette, vil eg gjerne leggja til: Eg visste og veit at ein protestant kann vera mykje betre kristen enn eg er. Likevel synest eg det er usegjeleg sårt at kristne i ovstore mengder må sakna den underfulle hjelp og styrkjing som den katolske kyrkia, Kristi sanne Kyrkja, einast kann gjeva.
Dei som kjem til å sjå og kjenna det so som eg, dei har berre ein veg å gå. I småting kann ein lyda andre menneske, endå det kann bera imot eins eigen vilje. Men i dei største – ting må ein lyda Gud. Det er einaste vegen til frigjering.
Her er hele teksten – fra starten av: …
Lars Eskeland forteller om “Kvifor eg vart katolikk”Les mer »








